Old Drupal 7 Site

Vaktbikkje for velferdsstaten?

Nessa J Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Velferdsstaten i Noreg byggjer på dei sosialdemokratiske etterkrigsideala. Medisinen vart den store helsevitskapen som skulle gi oss ei sunn slekt overalt dersom den naturvitskaplege fornufta fekk rå.

Men det gjekk ikkje slik. Medisinen vart dyr, ekspansiv og ineffektiv som reiskap for å nå helsepolitiske mål. I staden fekk ein auka køar og auka krav. Mange pasientkrav oppleves som ein økonomisk trussel mot velferdsstaten.

Denne artikkelen prøver å snu problemet. Med utgangspunkt i ein analyse av den rådande ideologien vert det hevda at det er dei helsepolitiske og positivistiske ideal det er noko gale med, ikkje primært pasientens krav. Legane er blitt framande for den opprinnelege legerolla. Norske legar har meir å lære om si yrkesrolle av gresk antikk enn av moderne teknologi. Skal ein meistre dei moderne samsjukdommane er det spesielt viktig å utvikle ei gjennomtenkt legerolle som har blikk for enkeltindivida bak sjukdommar og skavankar.

Anbefalte artikler