Old Drupal 7 Site

Asklepios

Vatle A Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Asklepios var gud for lækjedom og lækjekunst i det gamle Hellas. Han var ingen fjern, olympisk gud, men ein menneskenær, deltakande skapnad.

I over 800 år stetta han menneska i middelhavsregionen sin trong for å ha ein guddomeleg ideallækjar å sjå opp til.

Asklepioskulten hadde meir å seie for kva folk flest venta av lækjaren sin enn alle dei hippokratiske skriftene. På den andre sida gav den lækjaren eit ideal å leva opp mot, slik Jesus frå Nasaret gjorde det for seinare generasjonar.

Vår sekulariserte tid er fattig på ideal og for det meste utan tru på nokon guddom. Religion og naturvitskap kan like lite blandast som olje og vatn. Men religion kan gi djupn og livsmeining som vitskapen ikkje kan gi.

Kanskje burde vi difor, som Sokrates, også i dag ofre ein hane til Asklepios?

Anbefalte artikler