Old Drupal 7 Site

Ein ny variant av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom

Sande R, Tysnes O-B Om forfatterne
Artikkel

Sammendrag


Humane spongiforme encefalopatiar har den siste tida fått mykje omtale på bakgrunn av ein mogleg ny variant av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom og den eventuelle samanhengen mellom denne og bovin spongiform encefalopati, som har nådd epidemiske proporsjonar i Storbritannia i løpet av dei siste ti åra. Fire ulike humane spongiforme encefalopatiar er beskrivne, den vanlegaste er Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, som kan vere både smittsam, sporadisk og arveleg. Den smittsame agensen består hovudsakleg, kanskje berre, av ei patogen isoform av eit normalt membranbunde glykoprotein som vert kalla prion. Hos dyr finn ein spongiforme encefalopatiar fyrst og fremst hos sau, som skrapesjuke, og hos ku, som bovin spongiform encefalopati, også kalla kugalskap. Mykje tyder på at denne sjukdomen hos kyr er smittekjelda til den nye varianten av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, sjølv om dette enno ikkje er bevist. Eit essensielt spørsmål er om dei tilfella ein til no har registrert av den nye varianten av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom er starten på ein epidemi, slik ein har sett det med bovin spongiform encefalopati.

Anbefalte artikler