Old Drupal 7 Site

Beskyttar infeksjonar mot utvikling av allergi?

Løvik M Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Etter immunologisk teori ville ein vente at infeksjonar reduserer risikoen for at eit individ skal verte allergisk, ved at dei styrer immunreaksjonen mot eit antigen vekk frå ein Th2-typerespons som er assosiert med allergi. Betre hygiene enn før gir færre infeksjonar hos små barn, noko som i teorien kan vere årsak til den auken i allergi vi meiner å sjå i vår tid. Til no har ein hatt berre indirekte epidemiologiske haldepunkt for dette synet. I ein ny studie frå Guinea-Bissau i Vest-Afrika vart det funne at barn som var vaksinerte mot meslingar og derfor ikkje hadde hatt denne sjukdommen, hadde betydeleg større risiko for å ha positiv hudtest mot husstøvmidd enn uvaksinerte barn som hadde gjennomgått meslingar. Dersom dette funnet er reproduserbart og gjeld også i ei europeisk befolkning, vil det reise interessante medisinske og etiske spørsmål: Må vi velje mellom meslingar eller auka risiko for allergisk sjukdom? Kven har eventuelt rett til å ta eit slikt val - den enkelte eller samfunnet?

Anbefalte artikler