Sammendrag
Verdien av koronar angiografi etter hjarteinfarkt hos uselekterte pasientar er omdiskutert. Denne studien omfattar 131
påfylgjande unge pasientar(< 50 år) som fekk utført koronar angiografi etter sitt første hjarteinfarkt.
Det var 71 pasientar som hadde angina pectoris (54%), 11 hadde stum iskemi (9%) og 49 pasientar (37%) hadde korkje
angina pectoris eller myokardiskemi ved arbeids-EKG. Ved koronar angiografi vart det funne signifikant stenose i
koronararterie hos 119 pasientar (91%). Pasientar med angina pectoris eller stum iskemi hadde oftare sjukdom i fleire
koronararteriar (58% versus 25%, p < 0,01), sjukdom med høg angiografisk risiko (60% versus 33%, p < 0,01), og
fleire trong revaskularisering (91% versus 57%, p < 0,01) enn dei andre. Likevel hadde ein stor del av pasientane
utan symptom og funn ved arbeids-EKG alvorleg sjukdom og trong revaskularisering.
Hos unge pasientar som har hatt hjarteinfarkt, vil symptom og funn ved arbeids-EKG identifisere ei gruppe pasientar
med meir alvorleg koronar hjartesjukdom, og der fleire pasientar treng revaskularisering enn dei andre pasientane. Men
den diagnostiske presisjonen er liten, og utan koronar angiografi kan mange unge pasientar med høg risiko og trong til
revaskularisering bli oversette.