Old Drupal 7 Site

Kalsiumkanalblokkarar ved hjartesvikt

Hole T, Dickstein K, Gundersen T, Kjekshus J, Myhre ESP, Rønnevik PK, Westheim AS Om forfatterne
Artikkel

Sammendrag


Gjennom sin verknad på kalsiumkanalen har kalsiumkanalblokkarane negativ effekt på transmembransk transport av kalsium. Dette gjev i varierande grad negativ inotrop effekt. Kalsiumkanalblokkarane gjev og i ulik grad reflektorisk og direkte neurohormonell aktivering. Det er skilnad mellom dei ymse preparata i profil, men med få unntak vil kalsiumkanalblokkarane ved redusert venstre ventrikkel-funksjon gje auka risiko for utvikling av hjartesvikt og aukande symptom ved manifest svikt med redusert prognose. Kalsiumkanalblokkarane har i dag ingen plass i behandling av hjartesvikt med bakgrunn i systolisk venstre ventrikkel-dysfunksjon. Ved trong om tilleggsbehandling mot angina hos pasientar med hjartesvikt kan amlodipin eller felodipin nyttast der hjartesviktbehandling og betablokkar og/eller nitrat ikkje gjev god nok effekt.

Anbefalte artikler