Sammendrag
Forfattarane tek del i ein europeisk studie som tek føre seg pasientevalueringar av allmennpraksis. Formålet med
studien er å utvikla eit valid, reliabelt og brukarvenleg spørjeskjema som kan brukast til å fange opp
pasientevalueringar av allmennpraksis i europeiske land. Vi valde i samråd fem viktige område for kvalitet på
allmennpraksis: allmennpraktikaren sitt faglege arbeid, forholdet mellom pasienten og legen, informasjon og støtte til
pasienten, tilgjenge til praksisen og til legen og organisering av praksisen.
På denne bakgrunnen konstruerte vi eit spørjeskjema for å fange opp pasientane sine vurderingar, prioriteringar og
rangeringar av kjenneteikn som viser kvalitet på allmennpraktikaren og på allmennpraksisen. 12 strategisk valte
praksisar, frå by, tettbygd strøk og landsbygd, deltok i studien. Av 830 utdelte skjema mottok vi 431 (52%).
Resultata viser at norske pasientar verdset høgt tilgjenge, kontinuitet, respekt, teieplikt, fagleg god kunnskap og
informasjon. Desse funna kan brukast i kvalitetsutvikling av allmennpraksis.