Sammendrag
Artikkelen refererer og kommenterer to publikasjonar om kva fyllet i soveputer og dyner kan ha å seie i høve til astma.
Tradisjonelt har pasientane med astma fått råd om å kvitte seg med puter og dyner med fyll av dun og i staden gå over
til syntetisk fyll. I ei nyleg publisert britisk undersøking av barn med alvorlege pustevanskar fann ein to
innemiljøfaktorar som hadde signifikant samanheng med astmaliknande plager. Kjæledyr med pels var ein risikofaktor,
medan dunputer hadde ein klar beskyttande effekt samanlikna med puter med syntetisk fyll. Ei undersøking frå New
Zealand viste at innhaldet av middallergen var mykje større i puter med syntetisk fyll enn i puter med dun. Det er ein
sterk statistisk samanheng mellom astma og allergi mot midd. Det er naudsynt med vidare studiar, men dei to artiklane
tyder på at ved astma er dun som fyll i puter og dyner betre for helsa enn syntetisk fyll, og at ei forklaring på dette
kan vere at syntetiske puter inneheld meir allergen frå husstøvmidd. Resultata illustrerer kor viktig det er at
saneringstiltak og miljøinngrep ved astma og allergi ikkje er baserte berre på tradisjon og skjønn, men på faktisk
kunnskap om dei biologiske tilhøva og den medisinske nytteverknaden tiltaka gir.