Old Drupal 7 Site

Kven definerer nyttelaus behandling - pasienten eller legen?

Førde R Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Definisjon av nyttelaus behandling har store medisinske, økonomiske og etiske konsekvensar. I denne artikkelen blir det peika på at effekt og nytte er to ulike storleikar fordi nyttevurderingar vil ha ein verdikomponent knytt til seg. Derfor er ikkje berre effekten av ei behandling viktig, men også kva ein vil oppnå med intervensjon. Når pasient og pårørande ber om intervensjon, kan det vere fordi dei ønskjer å oppnå noko anna enn effekt i snever forstand, t.d. at alt må vere prøvd før ein gir opp. Dersom ikkje legar avslår å utføre behandling som fagleg sett er ugrunna, står ein i fare for å underminere profesjonell integritet. Det er nødvendig at legar avklarar både for seg sjølve og overfor pasienten når ei behandling ikkje blir tilrådd fordi ho ikkje er dokumentert effektiv og når det ligg personlege verdivurderingar i tilrådinga. Grunnleggande i denne prosessen er god kommunikasjon og tillit mellom pasient og lege.

Anbefalte artikler