Sammendrag
Intubasjon av nyfødde er ein teknisk vanskeleg prosedyre, og trening er heilt nødvendig. I Noreg har intubasjonstrening
på nyleg avlidne barn lenge vore gjort utan at foreldra er spurt. Rådet for legeetikk har tilrådd at ein skjult praksis
må opphøyre. I staden tilrår rådet informert samtykke eller eventuelt presumert samtykke. I denne undersøkinga blei
foreldre som hadde mist eit barn i svangerskapet eller i løpet av det første leveåret kontakta via barneavdelinga ved
det sjukehuset som hadde behandla barnet/følgt opp foreldra etter dødsfallet. Ved hjelp av spørjeskjema bad vi om
foreldra sine haldningar til å la eit nyleg avlident barn bli brukt av legar for opplæring i intubasjon av nyfødde. Av
73 foreldre som svarte, oppgav 78% at dei ville svart ja til at barnet deira blei brukt til intubasjonstrening. Dei
fleste oppgav ynsket om å hjelpe andre som grunn. 6% av foreldra meinte at dei ville svart nei på eit slikt spørsmål.
60% av alle meinte at det er nødvendig å spørje foreldra før trening blir gjort, medan 22% meinte at det burde kunne
gjerast uten spørsmål. 7% oppgav at eit slikt spørsmål ville gjort dei opprørte. 64% av foreldra stilte seg negative
til trening på grunnlag av presumert samtykke. Det er sannsynleg at vi legar, for å verne dei, for ofte lar vere å
spørje pasientar og pårørande. I denne undersøkinga gir pårørande klart uttrykk for at dei vil bli spurt, og at dei ser
behovet for å bidra til at legar skaffar seg god nok kompetanse.