Sammendrag
Behandling av coccygodynia er primært konservativ og symptomatisk. Operativ behandling er kontroversielt og resultata
varierer svært. Ei grundig preoperativ undersøking inklusive røntgenundersøking blir tilrådd for å utelukke andre
årsaker til smertene. Vi har gjort ei oppfølging av coccygektomerte etter gjennomsnittleg 8,3 års observasjonstid
(variasjon 1-16 år). Pasientopplysningar er frå journalgjennomgang og tilsendte spørjeskjema, som 96% returnerte. Svara
viste at 20 av pasientane (80%) heilt eller delvis var blitt kvitt plagene sine, men tre (12%) var blitt verre. For to
var tilstanden uendra. 18 av pasientane var tilfredse med langtidsresultatet og fem angra på operasjonen. Preoperativ
informasjon og grundig seleksjon før operasjon er viktig for denne pasientkategorien.