Old Drupal 7 Site

Pasientfridom og lege-pasient-forholdet

Førde R Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Lege-pasient-forholdet er i ferd med å gjennomgå store endringar. Juridiske pasientrettar synest å vere på veg inn også i det norske helsevesenet. Denne artikkelen kastar lys på nokre av årsakene til den aukande bruken av lovfesta rettar som trumfkort for pasienten. Ei av fleire forklaringar er redusert tillit til legen og til at det offentlege helsevesenet er i stand til å møte behovet for helsetenester i befolkninga. Det siste fenomenet kan sjåast på som eit paradoks, ettersom helsetenesta aldri tidlegare har vore i stand til å gjere meir for fleire menneske. Reduksjonen i tillit i lege-pasient-forholdet kan dels forklarast ut frå at den høgteknologiske medisinen på mange måtar gjer lege-pasient-forholdet mindre personleg. Synet på helsetenester som vare er også med på å auke behovet for lovfesta pasientrettar. Risikokartlegging og tidlegdiagnostikk aukar behovet for helsetenester. Meir helsetenester blir sett på som eit gode, medan fridomen til ikkje å bli pasient aldri har vore mindre.

Det gamle, autoritære lege-pasient-forholdet er lite funksjonelt både av medisinske og etiske grunnar. Krava om meir balanse i lege-pasient-forholdet er såleis legitime og representerer utfordringar til standen om auka vekt på dei humanistiske sidene av medisinen og eiga evne til kommunikasjon. Ei løysing av etiske problem i medisinen ved hjelp av lovfesta rettar kan forsterke ubalansen mellom (ressurs)sterke og -svake pasientgrupper.

Anbefalte artikler