Old Drupal 7 Site

Persisterande ryggplager, arbeidssituasjon og uføretrygding etter isjiaskirurgi

Valen B Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


373 pasientar som er opererte for lumbalt nukleusprolaps ved avdelinga vår, har gjennomgått oppfølging etter 2-17 år. Målet var å finne kvalitetsindikatorar som komplikasjonar, postoperativ ryggstatus inklusive arbeidsituasjon, eventuell trygding og kor nøgd pasienten er. Vi brukte spørjeskjema, som 95% av dei spurde returnerte. 58% hadde eller hadde hatt rygg- eller isjiassymptom i observasjonstida. 23% hadde skifta til lettare arbeid, og 13% hadde fått uføretrygd. Dei to siste gruppene har signifikant auka frekvens av både residiv og reoperasjon, og desse pasientane er signifikant mindre tilfredse. Dei som skifta arbeid, var signifikant yngre enn resten, og gruppa som fekk uføretrygd var signifikant eldre. Det var ingen signifikant kjønnsforskjell verken for skifte av arbeid eller for trygding. Resultata våre samsvarer godt med andre studiar, som kort blir refererte.

Anbefalte artikler