Sammendrag
Likebehandling er eit sentralt prinsipp ved fordeling av offentlege goder, men har det relevans for medisinsk
praksis?
360 legar i åtte fylke vurderte to fiktive sjukehistorier med omsyn til uførepensjon. Legane svarte òg på spørsmål
om deira syn på legerolla og uførepensjon generelt.
Vurderingane av vignettane viste at legane var usamde om både når medisinske vilkår var oppfylt, om
inntekts-/arbeidsevna var redusert og om attføring i tilstrekkeleg grad var prøvd. Analysen viser vidare at desse
variasjonane eit stykke på veg har samanheng med forskjellar i det personlege verdi- og moralsynet til legane,
operasjonalisert ved generell trygdeskepsis og synet på uførepensjon som livs- og forsørgingsform.
Spørsmålet om kven som fyller vilkåra for å få uførepensjon, handlar om fordeling av offentlege gode. Erklæringa til
legen er ein sentral premiss når det skal takast stilling til krav om uførepensjon. Når vurderingane som ligg til grunn
for desse erklæringane vert styrt av legen sitt personlege verdi- og moralsyn, framstår dei som vilkårlege og
kjem i konflikt med prinsippet om likebehandling og rettstryggleik.