Old Drupal 7 Site

Nyretransplantasjon i Noreg - eit historisk perspektiv

Reisæter AV Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Fram til slutten av 1960-talet fanst det inga livsforlengande behandling for pasientar med nyresvikt. Den fyrste vellukka nyretransplantasjonen vart utført i Boston, USA, i 1954. Då vart ei nyre transplantert mellom einegga tvillingar. Vevstyping var ikkje tilgjengeleg, få immunsuppressive medikament var utvikla og dialyse vart berre nytta for korttidsbehandling.

Behandling av akutt nyresvikt med hemodialyse vart starta ved Kirurgisk avdeling A, Rikshospitalet, i 1956. Den fyrste nyretransplantasjonen i Norden vart utført ved same avdeling same året. I 1963 starta transplantasjonsverksemda ved Ullevål sykehus. Frå 1983 er alle nyretransplantasjoner i Noreg utførte ved Rikshospitalet. I 1969 vart Scandiatransplant etablert for utveksling av nyrer mellom dei nordiske landa, og eit nasjonalt nyretransplantasjonsprogram i Noreg vart starta. Vevstypelaboratoriet vart etablert i 1970. Nefrologane ved region- og sentralsjukehusa har ansvaret for langtidsoppfølging av pasientar med nyresvikt og har eit nært samarbeid med transplantasjonsmiljøet ved Rikshospitalet. I dei seinare åra har 180-200 pasientar i Noreg vorte nyretransplanterte kvart år, og resultata er gode.

Anbefalte artikler