Sammendrag
Artikkelen gjev eit oversyn over måla for helsetenesta i Noreg slik desse er formulerte i sentrale statlege
styringsdokument i tidsrommet 1672-1999. Ein modell for analyse av desse måla blir presentert. Metoden er ein historisk
inspirert dokumentanalyse.
Omsut for pasienten, oppfatningar om behovet for medisinske tenester i samfunnet og administrative føresegner pregar
målsettet gjennom heile tidsrommet. Effektiv utnytting av tilgjengelege ressursar kjem inn som mål mot slutten av
perioden. Dei uttrykte måla for den norske helsetenesta er meir retta inn mot helseteneste enn mot helse i seg
sjølv.
Analysemodellen nyttar omgrepa miskunn, nytte, orden og profitt for å gruppere dei ulike måla. Om ein legg denne
modellen til grunn for analysen, verkar det som om hovudmåla har vore påfallande stabile gjennom heile det studerte
tidsrommet, sjølv om nytteomgrepet ser ut til å bli viktigare dei siste tiåra.