Sammendrag
Dette hundreåret er modernitetens hundreår. I medisinen har moderne naturvitskap og teknologi ført til grunnleggjande
og positive endringar i folks helse. Dei store infeksjonssjukdommane er under kontroll, og helsevesenet har gjennomgått
ei kraftig institusjonell utbygging. Likevel får ein ofte inntrykk av både frustrasjon og misnøye på mange plan.
Forfattarane reflekterer over dette paradokset gjennom ei skissemessig gjennomgang av nokre hovudtrekk i
primærmedisinen si utvikling i dette hundreåret. Dei peikar på helsedirektør Karl Evangs rolle både som idéskapar og
leiar, og set rolla hans opp mot tidlegare helseminister Werner Christies systemkritikk. Dei argumenterer for at den
kriseopplevinga som har komme dei siste tiåra, må forståast som ei modernitetskrise, og meiner at enkelte ideal som har
vore rådande i vårt århundre, bør justerast. I eit ettermoderne samfunn er det naudsynt å pusse støv av gamle
legeideal, og opne for mangfald og nyanserikdom som verdiar å framelske dersom dei helsemessige utfordringane skal
møtast på ein adekvat måte.