Old Drupal 7 Site

Melding av ei årsmelding

Artikkel

Årsmeldingar er merkelege saker. I forretningslivet er det store saker. Der blir dei lesne, tolka og fører til aukande eller fallande kursar på børsen. Økonomiske tidsskrift nyttar spalteplass på presentasjonar og kommentarar. I medisinen har vi ingen tilsvarande kultur. Det vi kan av dokumentasjon, er å skrive vitskaplege artiklar og individretta journalnotat. I rommet mellom desse manglar det noko. Årsmeldinga må få eit fagleg innhald og bli meir enn eit pliktskrift dersom vi verkeleg skal meine noko med kvalitetsarbeidet vårt.

Tankane ovanfor har vore i hovudet mitt i lang tid. For nokre veker sidan fann eg ei materialisering av desse tankane i posthylla mi ein fredags ettermiddag. Ho hadde stive permar og eit fint framsidebilete som endåtil hadde tydelege nyansar i skuggepartia. Boka låg godt i handa og kunne eigne seg som flylesestoff, tenkte eg idet eg var på veg ut frå Oslo-kontoret for å kome meg heim.

Og det blei spanande lesing, ikkje berre på flyet, men også på fredagskvelden. Nyansane fann eg ikkje berre i forsidebiletet, men gjennom heile boka. Dei ulike delane av verksemda blei presenterte slik at dei særlege trekka med alt frå epidemiologi til medisinsk antropologi kom fram. Dei strukturavhengige mellom oss vil kanskje seie at ulik oppbygging av dei ulike delane er ein veikskap. For meg blei dette eit interessant poeng til ettertanke. Dette samansette instituttet, og det merkelege samfunnsmedisinske fagfeltet, er slik at ei polymorf framstilling har sin rett. Lengde og farge kan ikkje vurderast med same instrument!

Denne årsrapporten bør lesast av alle som undrar seg over og kanskje tvilar på kva rolle samfunnsmedisinen kan ha i vår tid. Sjølv om framsidebiletet er teke i kveldssol, gjeld ikkje den metaforen for dei emna som rapporten tek opp. Der er det snarare morgongry. Kanskje instituttet framleis har nokre bøker att for interesserte?

Geir Sverre Braut

Sosial- og helsedepartementet

Oslo

Anbefalte artikler