Old Drupal 7 Site

M. Løkeland-Stai & J. Sundby svarer:

Mette Løkeland-Stai, Johanne Sundby Om forfatterne
Artikkel

Noreg ligg langt framme på verdsbasis når det gjeld rettar og sjansar for kvinna til å kontrollere sin eigen reproduktivitet og til å få utført ein abort. Likevel heftar det framleis mange moralske vurderingar og lodd ved seksuallivet til kvinner. Retten til abort er ein ålment akseptert rett som få ynskjer å fjerne. Fleirtalet skjønar at 16-åringar tar abort, men får problemer med å akseptere at jenter i slutten av 20-åra vel det same. Då ser ein ofte på abort som ei ”bekvemmelighetsløsning”. Ofte vert desse kvinnene sett på som egoistiske, ”karrieristiske” og lite kvinnelege. I tillegg ynskjer nokre tvungen rådgjeving. Kven kan setje seg til doms over andre menneske sine val og kalle dei ”bekvemmelighetsløsninger”? Ingen er betre skikka til å ta eit slikt val enn kvinna sjølv.

Det finst ei rådande oppfatning om at abort er ei vanskeleg avgjerd for dei fleste kvinner, slik Hans-Johan Breidablik hevdar, men det finst ikkje undersøkingar som stadfester dette. I staden finst det undersøkingar som fortel at kvinner som tek abort ikkje har ei overopphoping av psykologiske problem, og at det vert enklare å velje å ta ein abort di fleire ein har tatt frå før. I tillegg er det undersøkingar som syner ei endring i tvilen og kjenslene kring valet om abort som har endra seg frå 1980-åra til 1990-åra og at tvilen har auka (1). Haldningane i samfunnet generelt, til abort og kvinner som tek abort, verkar inn på kor lett det er for kvinner å ta dette valet. Inntrykket er at fleire kvinner kjenner seg pålagt skuld, skam og sorg knytt til abort i dag enn for 20 år sidan.

Eit uynskt svangerskap som gjev kvinna ei ny og ikkje alltid like enkel avgjerd å ta, kan vere eit problem for mange. Det er det ynskjeleg å gjere noko med gjennom ein betra tilgang på billeg prevensjon og naudprevensjon, men vi må også akseptere at ei mogleg løysing kan vere eit mindre sikkert prevensjonsmiddel for i etterkant å ta abort dersom det sviktar. Betra prevensjonsbruk fører i tillegg til færre fødslar i vel så stor grad som ein nedgang i aborttala (1). Moralske fordømmingar av abort og mangelen på aksept for røyndomen der abort er eit familieplanleggingsmiddel, pålegg kvinner ei ekstra byrde.

Anbefalte artikler