Medisinsk-etiske problem er kompliserte, og ei grundig drøfting av problema fører sjeldan fram til enkle og sikre svar (1). Det er ikkje etikken si oppgåve. Tvert imot, det er nettopp ved å drøfte flest muleg sider ved eit problem, å synleggjere dei ulike verdiane som står på spel, at etikken kan forsvare plassen sin. Derfor er eg ueinig med Haugen når han meiner at Rådet for legeetikk si behandling av DNA-testing og røntgenundersøkingar til bruk i vanskelege innvandringssaker kan tolkast som tilfeldig når vi brukte tre møter på saka og likevel delte oss i konklusjonen. Rådet har prøvd å drøfte denne saka prinsipielt, uavhengig av det synet vi måtte ha i innvandringspolitikken. Rådet er vidare sammensett av menneske med ulikt livssyn og politisk syn. Dette, og det at vi som regel brukar lang tid på kvar einskilt sak, er etter mitt syn nettopp styrken ved rådet.
Vi meiner at legen har eit viktig samfunnsansvar. Dette ansvaret er klart nedfelt i vårt etiske regelverk. Utfordringa i denne saka som i mange andre er å finne den rette balansen mellom å tene samfunnet ved lojalt å følgje det styresmaktene pålegg oss, og omsynet til enkeltpasienten. Interessant nok blei også blodprøvetaking av promillemistenkte møtt med skepsis i si tid av Legeforeningen og Rådet for legeetikk (2).
I det siste har legane fått fleire oppgåver. Grunngjevinga for å ta i bruk medisinske tenester til oppgåver som ligg utanfor tradisjonelle oppgåver blir stadig betre, parallelt med at nytten og presisjonen ved diagnostikken aukar. Det er viktig at legane sjølve har eit bevisst forhold til vår eiga rolle og eigne oppgåver. Debatten rundt DNA-testing er viktig også av denne grunnen, og eg takkar Haugen for at han gjev engasjementet utløp i Tidsskriftet.