Old Drupal 7 Site

Samarbeid mellom legar

Odd Jarle Kvamme Om forfatteren
Artikkel

Det blir i aukande grad stilt krav til arbeidsmiljø, kvalitet og kostnadseffektivitet i helsevesenet. Organisering og samarbeid innan helsetenesta er ofte omtalt i norsk og internasjonal medisinsk litteratur. Kunnskapen om dette komplekse feltet er ennå mangelfull. I eit forsøksprosjekt i Stord sjukehusområde (Sunnhordland) blei samarbeidet mellom allmennlegar og sjukehuslegar endra. Studien var konsentrert om akuttinnleggingar i somatisk sjukehus. Den undersøkte om eit sett prosessuelt utvikla, kommunikasjonsfokuserte intervensjonar i samarbeidet mellom dei to legegruppene hadde målbare effektar på følgjande område: kor tilfredse legane var med samarbeidet, kvaliteten av organisering, fagutøving, mellommenneskelege relasjonar, dokumentasjon og service samt ressursbruk. Legetilfredsheit, kvalitet og ressursbruk blei evaluerte i tre delstudiar.

Studien hadde ein kvasieksperimentell design, der kvantitative og kvalitative metodar var kombinerte. Han blei gjennomført etter prinsippa for kvalitetsutvikling i helsevesenet (Demings sirkel). Metodar frå aksjonsforsking blei brukte til å utvikle intervensjonane, som var endring av telefonrutinar, utvikling av kliniske prosedyrar, faste fellesmøte for legane, allmennlegar fungerte som rådgjevarar for sjukehusavdelingar (”praksiskonsulentar”), og jamleg skriftleg informasjon sendt til alle legane i området. Både sjukehuslegar og allmennlegar tok del i å utvikle, gjennomføre og evaluere endringane i samarbeidet.

Resultata viste at endringane førte til betre relasjonar, betra kommunikasjon og praktisk samspel mellom dei to legegruppene. Allmennlegane blei vurderte til å vere tryggare i arbeidet med akuttpasientar. Kvaliteten betra seg på dei fleste av dei undersøkte områda, og mest i innleggingsfasen og utskrivingsfasen av pasientforløpa. Studien viste ingen målbare endringar i ressursbruk, målt ved talet på akuttinnlagde pasientar, tider på døgnet for innlegging, talet på liggedøgn og talet på reinnleggingar.

Samarbeid i helsevesenet er eit satsingsfelt for å betre arbeidsmiljøa, kvaliteten av delytingar og samla helsetenesteyting, og sannsynlegvis også for effektiv og rettferdig ressursbruk.

Evaluering av helsetenester vil i framtida truleg vere ein del av rutinearbeidet i allmennpraksis og i sjukehus. Longitudinelle forsøk med evaluering av intervensjonar i samarbeid kan nyttast til å undersøkje og påverke samarbeid i grensesnittet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Det bør undersøkast om denne metoden kan nyttast til å betre samarbeidet i store einingar og i tverrfaglege arbeidsmiljø.

  • Avhandlinga sin tittel

  • Samarbeid mellom legar – ei studie av intervensjonar i samarbeid mellom allmennlegar og sjukehuslegar, ved akuttinnleggingar i somatisk sjukehus

  • Utgår frå

  • Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag

  • Disputas 10.6. 2000

  • Universitetet i Oslo

Anbefalte artikler