Old Drupal 7 Site

Legevaktavtalen, fastlege- ordninga og distrikta

Jarle Hjartaaker Om forfatteren
Artikkel

At legevaktordninga skal skaffe fleire legar og betre legedekning i distrikta kan umogeleg vera godt fundert.

Staten har lagt ein pott på bordet som er altfor liten til at dette kan ordnast. Staten er feig og ber Den norske lægeforening og Kommunenes Sentralforbund (KS) ordne opp gjennom forhandlingar. Her vinn naturlegvis den sterkaste, altså bykommunane. Eg har no snart arbeidd i 20 år i Utkant-Noreg, og det har ofte vore slik at ein lurer på kva ein held på med. Forsaker familie og mykje anna med hyppige vakter og elendig betaling.

Når no KS og Den norske lægeforening har fått fram dette resultatet, heiter det at det er opp til dei enkelte kommunar å ordne opp. Dette er naturlegvis ikkje sant. Kommunen der eg arbeider, har ikkje økonomi til å spe på det som KS har forhandla fram.

Halvparten av legane lurer no på om dei skal seia opp og samstundes bryte med Rikstrygdeverket og begynne ”bypraksiser”, der dei let pasienten betale alt, har ope når det passar, lever bak hemmelege nummer og ikkje deltek i legevakt. Her i kommunen har det vore stabile tilstander i 20 år og eit godt arbeidsmiljø, men dette vert no øydelagt. Eg for min del vil tene betre og ha mindre arbeidpress om eg arbeider ved Elkem sitt smelteverk i Ålvik om nettene.

Min spådom blir at legevaktdistrikta vert tynt besådde med legar framover om dette vert vedteke. Fastlegeordninga er ei reform som er lik i Oslo sentrum og på Finnmarksvidda fordi noko ikkje fungerer i byane. Dårleg gjennomtenkt, synest eg. Det blir administert bort eit hundretal millionar istaden for å setja krav til bykommunane, der problema verkeleg er.

Korleis trur ein det vert råd å få danske og svenske vikarer for ei løn på 250 kr/time? I Danmark er løna for nøyaktig det same arbeidet tett opp mot 1 000 kr/time.

Her vert det mange kommunar som får det tungt framover. Etter mitt skjønn er alt snudd på hovudet, og enda færre vil bu i distrikta på sikt, grunna dårlegare og dårlegare helseteneste.

Anbefalte artikler