Old Drupal 7 Site

Rehabilitering på verda sitt tak

Målfrid H. Bjørgaas Om forfatteren
Artikkel

Heilt utruleg! I strålande solskin kunne vi sjå toppane i Himalaya som steig opp frå skyteppet under som mektige isfjell. Turen frå Chengdu til Lhasa, det politiske og religiøse sentrum i Tibet, tok to og ein halv time i ein stor, ny Airbus 400. Alt tipp topp moderne, til og med med flycrash-film om bord! Likevel var det naturen under som fanga oss mest. Før hadde vi berre høyrt om ”verda sitt tak”, no såg vi det!

Og vi, det var ein delegasjon med norske helsearbeidarar på veg til opninga av Lhasa Rehabilitation Centre. Leiar for gruppa var Franz Hintringer, overlege ved rehabiliteringsavdelinga ved Sentralsjukehuset i Aust-Agder. Elles var det Per Bjørgaas, allmennlege i Sandnes, Petra Ahlvin, fysioterapeut ved Sunnaas, Susanne Følstad, ergoterapeut ved Sunnaas, og to som ”hang med på lasset”: Tone Nøren, fysioterapeut i Arendal, og underteikna Målfrid H. Bjørgaas, allmennlege i Sandnes.

I fleire år har det vore i gang eit prosjektsamarbeid mellom Noreg og Kina, kanalisert gjennom Norsk Folkehjelp og Sunnaas sjukehus ved Johan Stanghelle. Bakgrunnen for prosjektet, og andre delar av det, er tidlegare omtalt i Tidsskriftet (1). Samarbeidspartnar i Kina er China Disabled Persons Federation (CDPF). Dette er ein organisasjon som har ansvaret for alt arbeid blant funksjonshemma og for psykiatri i Kina. CDPF er nær knytta opp mot administrasjonen i Beijing, men blei skilt ut frå statsapparatet i samband med den internasjonale boikotten i 1989. Den øvste leiaren er Deng Pufang, sonen til Deng Xiaoping. Han sit sjølv i rullestol etter at han vart skadd under kulturrevolusjonen. Hittil har prosjektet gått ut på kunnskapsutveksling/kursverksemd, gjensidige besøk mellom dei to landa, støtte til diverse hjelpetiltak for funksjonshemma i Kina, og kontakt med China Rehabilitation and Research Center i Beijing.

Dei siste åra er det blitt fokusert spesielt på Community Based Rehabilitation, etter mønster frå WHO. I samband med dette er Tibet (TAR; Tibet Autonomous Region) blitt vald ut som ein av provinsane der det er størst behov for hjelp på dette feltet. CDPF har her ei lokal avdeling, kalt Tibet Disabled Persons Federation. Avdelinga har fått prosjektmidlar til bygging av eit rehabiliteringssenter i Lhasa. Målet er å bygge opp eit fungerande rehabiliteringstilbod for funksjonshemma i Tibet. Senteret blei opna i september 1999, og i samband med dette reiste vår gruppe til Lhasa for å delta ved opninga. Vi hadde også som mål å finne ut kva som eksisterer av helsearbeid i Tibet, og om det fins opning for vidare samarbeid der.

Åpningsseremoni: Ms. Liu Jiarong (til høyre) og visepresident i China Disabled Persons Federation Ms. Lu Man Hua. Alle foto privat

Kina først

Vi møttest på Beijing hotell. Frå verandaen i 17. etasje såg vi den Himmelske Freds plass med Mao-mausoleet og støtta der studentane sat med fanene sine i 1989. No var det ingen spor att. Vi såg berre travle menneske: skuleklassar på befaring, folk på veg til jobb og innimellom nokre grønnkledde frå Folkets frigjeringshær. I vestibylen trefte vi reiseleiaren vår, Ms. Liu Jiarong, ansvarleg for ”Foreign Affairs” i China Disabled Persons Federation. Per og eg ville gjerne ha med oss ein tur til sommarpalasset den dagen. Etter litt diskusjon fekk vi lov til å endre billettane våre til Chengdu til eit seinare fly, men vi forstod at oppfatninga av gruppekultur ikkje er heilt den same i Kina som i Noreg! Vår individualisme passar ikkje heilt saman med den kinesiske tankegangen. Per sine kunnskapar i mandarinspråk og evne til diplomati kom vel med!

Vi hadde ein flott dag i Den forbudte by og Sommerpalasset, begge fantastiske monument over kinesisk kulturhistorie og makt. Det er ikkje for ingenting at Kina på mandarin heiter ”Riket i midten”. Om kvelden gjekk turen til Chengdu, hovudstaden i Sichuan-provinsen, ein tur på ca. to timar med China South-West Airlines. Chengdu er byen der all trafikk til Tibet har sitt utgangspunkt, ein middels stor kinesisk by med ca. fire millionar innbyggjarar. Vi blei møtt på flyplassen av ekteparet Xu-Bin og Mong som vi kjenner frå før. Dei driv eit rehabiliteringssenter for barn i Chengdu, ”Holy Love Center”, som blir støtta av NORAD og Den Norske Misjonsallianse. Vi blei inviterte heim med dei til eit måltid ”dzou dse”, kjøttbollar dampkokte i kveitemjølsdeig. Pinnane og praten gjekk livleg på kinesisk, med litt oversetjing innimellom. Paret driv ein skule for funksjonshemma som ikkje får plass i den offentlege skulen. Integrering er ikkje så ”in” der som her. Samfunnet er gjennomsyra av eit anna menneskesyn enn det vi er vande med. Den som ikkje er produktiv, kan ikkje rekne med særleg velvilje. Dessverre blir dei ofte også stemoderleg behandla av foreldra som under eittbarnspolitikken er heilt avhengige av eit friskt og velfungerande barn, helst ein gut. Mange barn blir etterlatne på trappene i håp om at andre kan dra omsorg for dei. Mong og Xu-Bin hadde fått seg ein minibuss slik at dei kunne hente barna i heimane, og bringe dei attende dit og på den måten trekke foreldra aktivt inn i rehabiliteringa.

Lhasa Rehabilitation Centre, Potala i bakgrunnen

Tibet og Lhasa

Tidleg neste morgon, eller rettare sagt seint på natta, pakka vi oss inn i minibussen som gjekk til flyplassen. Nå var heile gruppa samla, og kinesisk gruppedisiplin rådde grunnen i nokre timar. Flyturen var ei oppleving vi aldri vil gløyme, vi var på veg til Lhasa! På flyplassen blei vi møtt av Chun Pel, leiaren for Tibet Disabled Persons Federation. Vi fekk alle kvite silkeskjerf rundt halsen, den tibetanske måten å vise respekt for sine gjester på. I Lhasa-dalen køyrde vi langs Bramaputras kjelder. Vi merka høgden. Nesten 4 000 m o.h. merkast godt på pusten, og etter kvart fann vi ut at det også førte med seg ein annan plagsom ulempe: auka diurese! Dei siste humpane før vi svingte inn til hotellet vårt i Lhasa rista godt på ei overfylt blære!

Det tibetanske folket er blitt ein minoritet i Tibet og Lhasa, ja, faktisk er dei blitt ein minoritet i alle provinsar der det bur tibetanarar, eit resultat av bevisst kinesisk politikk og aktiv kinesisk innvandring. I Tibet Autonomous Region bur det ca. to millionar tibetanarar, kanskje dobbelt så mange frå dette folkeslaget er spreidde i andre tilliggande provinsar, Qinghai, Sichuan, Gansu og Yunnan. Den kinesiske dominansen er slåande, spesielt i høve til levestandard og maktposisjonar (2). Fattigdom og tigging var svært synleg i byen. Dalai Lama rømde frå Tibet i 1959, og bur no i India, men han har framleis ein stor og avgjerande plass i det tibetanske samfunnet. Både munkar og drosjesjåførar lyste opp når svaret på kvar vi kom frå var ”Norway lai-la”, vi kjem frå Noreg, og motspørsmålet kom raskt: ”Dalai Lama fekk fredsprisen i Noreg, har du møtt han?”

Jokhang-tempelet ligg midt i sentrum av Lhasa, og er hovedsenteret for den tibetanske buddhismen. Vi såg mange kvinner med samanbundne føtter som la seg flate på magen kvart 5. sekund framfor tempelet der. Mange brukar år av livet sitt på å gå til Jokhang og svinge på bønnehjula sine, innsatsen for Buddha og neste liv er ubegrensa, dei senete andleta inngir respekt.

Ein ettermiddag tok vi turen ut til Drepung-klosteret. Før levde over 10 000 munkar der, no var det berre 700 att (3). Vi kom etter stengetid, men litt mandarin gjorde susen der også, og vi kunne gå i ro og fred i dette mektige klosteret ca. 4 500 m o.h. (Ja, vi måtte gå seint for å få nok luft!) Ein gammal munk som berre kunne nokre få ord mandarin rista hendene våre og ville vise oss ”mandala”, livshjulet, den sentrale bønnestaden i klosteret. Han halta, og då vi spurde etter grunnen, svarte han med å peike som med eit våpen mot hofta si. Han var blitt skadd av kinesiske troppar under oppstanden i 1959!

Ein guide viste oss Potala, Dalai Lamas palass, eit fantastisk byggverk! Guiden var halvt kinesisk og halvt tibetansk, og hadde fått seg ein fin jobb fordi han kunne engelsk. Vi vandra gjennom utallige gangar og rom med Buddha-figurar utan ende. Vi mista fort tråden i om det var den 5. 6. eller 13. Dalai Lama sin stupa (gravmonument) vi passerte.

Jokhang-tempelet sentralt i Lhasa

Oppdraget vårt

Vi deltok på ein feiande flott opningsseremoni ved det nye senteret. Der var alt frå dueslepp til TV-overføring, militært musikkorps, og talar av diverse viktige personar. Franz heldt ein tale på norsk som Per tolka til kinesisk, og Chun Pel og Ms. Liu Jiarong var ikkje lite stolte over at den kom på Tibet TV News.

Bygningane var fine, men det mangla mykje på at senteret var i drift. Vi forstod at det var meininga å starte med døvearbeid i fyrste omgang. Det nesten alle var mest opptekne av, var å få mest mogeleg utstyr til senteret. Ei gjennomgåande haldning som frustrerte oss var ei urokkeleg tru på dyrt og statusgjevande utstyr. Den enkle rehabiliteringa som ikkje kostar pengar, er ikkje så interessant. Vi har vel ei reim av den huda her heime også, men dette blir ein tragedie i eit samfunn der dei aller fleste ikkje har pengar til å nyte godt av teknisk utstyr i det heile. Vi prøvde etter fattig evne å formidle vidare ideane bak CBR, community-based rehabilitation, innsats med små midlar og lite utstyr på lågast mogeleg nivå for å nå ut til fleire. Akkurat dette er nok både det vanskelegaste og viktigaste vi kan prøve å bidra med!

Svært oppmuntrande var besøket på Lhasa Handicap Handicraft School, eit senter for foreldrelause, funksjonshemma og gatebarn. Her får barna gå på skule, og lære handverk som kan gi dei eit livsgrunnlag. Det beste var at dei så langt vi forstod, ikkje blei plukka ut etter økonomisk evne, men etter behov. Dette senteret, som blir drive av ein buddhistisk munk, får støtte frå Norsk Folkehjelp.

Vi besøkte også Leger Uten Grenser i Lhasa. Dei driv eit rehabiliteringsarbeid spesielt for pasientar med ”big bone disease”, ein spesiell sjukdom som det er mykje av i Tibet. Leger Uten Grenser har vore til stades i Lhasa i ti år, som ein av få organisasjonar frå utlandet.

Helsevesenet i Tibet er konsentrert om sjukehusdrift, for det meste i Lhasa by. Allmennmedisin finst ikkje i det heile. Vi fekk omvisning på Peoples Hospital Number 1, ortopedisk avdeling. Der utførte dei vanlege ortopediske inngrep, hadde røntgenutstyr og det meste av nødvendig utstyr var tilgjengeleg, for den som kan betale! Det tragiske er at det store fleirtalet, og spesielt tibetanarane, aldri kan drøyme om å få tilgang til desse helsetenestene. På denne avdelinga var det ca. 30 senger, 14 legar, alle utdanna i Kina, og to sjukepleiarar. Utanfor sjukehusa var det ikkje ein einaste lege. Mange er blinde på grunn av katarakt, mange har tuberkulose og andre infeksjonssjukdomar. Nye lepratilfelle oppstår kvart år i enkelte distrikt. Alkoholmisbruk og fattigdom går hand i hand. Helseministeriet arbeider for å gjere noko med desse problema, men ressursane strekk ikkje til, kanskje fordi dei ressursane som finst blir brukte til å tene dei få, dei som kan betale. Det gjev ikkje status å arbeide med fattige og bønder utanfor byen. Legane skal også leve – og blir på ein måte også offer for eit system som ikkje maktar å vere til for folket.

Så reiste vi frå Lhasa, rike på inntrykk. Det som sat mest fast i meg etterpå, var biletet av ei fattig kone med eit lite barn på ryggen, begge så skitne at fargane på kleda ikkje kunne skiljast. Ho retta ut handa etter pengar, nokre slantar eg godt kunne hatt råd til å gje, men eg gjekk forbi.

Anbefalte artikler