I slutten av fjoråret kom Jon Magnus, utanriksjournalist i VG med boka Veien til Karlsvogna , som er ei personleg prega dagbok om tida frå kona Elisabeth fekk brystkreft i desember 1996 til ho døydde halvanna år seinare. Den boka, med poengtert kritikk av sider ved helsevesenet fekk stor og velfortent merksemd i både aviser og TV, og har etter kvart blitt trykt i ni opplag og 46 000 eksemplar. Forfattaren har no laga ei ny bok basert på utdrag frå 100 brev eller samtalar om denne boka.
To hovudtema dominerer boka: Meldingar om einsemd, sorg og sakn over kjære som er døde, og takk til forfattaren fordi han ved å fortelje frå sitt eige liv også har vore til hjelp for andre. Det andre hovudtema er kritikk av helsevesenet, ”sviket i vårt helsevesen” (s. 87).
Boka er på 14 relativt korte kapittel. Karlsvogna refererer til den staden i stjernehimmelen der Elisabeth sit etter sin død. Mange nyttar dette biletet, og tenkjer seg plass for mange ved sida av henne i Karlsvogna. Om perleport, englesong og harpetonar er avskaffa som bilete på tilveret etter døden, er ikkje behovet for eit poetisk språk og levande bilete om dette borte. Ein himmel er det naturleg å lengte mot for alle menneske når livet blir for tøft. Forfattaren vekslar mellom reine sitat frå breva, eigne kommentarar, og dialogar med si avdøde kone, dei siste presentert i kursiv.
Boka har mange leseverdige sider. Jon Magnus skriv godt, som naturleg er når han har som fag å skrive. Journalisten, med stor evne til å observere og beskrive, men liten vilje til å analysere noko djupare, slår ofte gjennom. Kva ”sviket i vårt helsevesen” går ut på, klarte han å formidle presist i forrige bok, men blir nokså slagordprega i denne. Eit sympatisk trekk ved boka er at Jon Magnus også har blikk for dei som sørger fordi dei kjem til kort eller er svikta, dei som sørger utan blomster. Sjølv om boka sikkert ikkje var tenkt slik, kan den nok også fungere, som Sandra skriv på side 68, som ”terapi for slitne ekteskap”. Dette er ei bok for og frå ”stjernekikkere”, ei bok fylt med livsfilosofi.
Likevel: I forhold til den første boka er denne boka eit ørlite antiklimaks. Ikkje fordi den er uvesentleg. For det er den ikkje. Men fordi den forrige boka var eit så mykje sterkare dokument.
John
Nessa
Institutt for samfunnsmedisinske fag
Universitetet i Bergen