Old Drupal 7 Site

Kva har Barbra Streisand til felles med Martin Luther?

Artikkel

Gerhard Andersson er psykolog, og boka baserer seg på over 15 års medisinsk og psykologisk arbeid ved Akademiska Sjukhuset i Uppsala. Målgruppa er helsepersonell som kjem i kontakt med tinnituspasientar, men språkbruken er så enkel at også andre interesserte kan ha utbyte av boka, sjølv om einskilde svenske ord kan vere ukjende for somme.

Resultata frå arbeidet i Uppsala blir presenterte, saman med eit oppdatert utval på 119 relevante referansar. Boka er papirinnbunden og inndelt i åtte kapittel, ho har referanseliste og sakregister som gjer det lett å slå opp på emneord. Dei 118 tekstsidene er dessutan fort gjort å lese gjennom.

Ein freistnad på å talfeste førekomsten av tinnitus vert sprikande, fordi resultatet er avhengig av kvar ein set terskelen. Dei fleste vil høyre lyd som ikkje kjem frå omgivnadene om dei vert plasserte i eit ekkofritt rom. Klinisk interesse har imidlertid berre dei som er plaga av sin tinnitus. Og det er mange, også her i landet. Problemet er omtalt i nær 4 000 år gamle, egyptiske papyrusrullar, og har plaga mange kjende personar, som Jeanne d’Arc, Luther, Goethe, Rousseau, Strindberg, Goya, Beethoven, Smetana, Streisand og Sting.

Boka tar føre seg dei vanlegaste problemstillingane pasientane presenterer, og syner til relevante undersøkingar. I kapitlet om behandlingsalternativ blir myriaden av behandlingar som er blitt prøvd, gjennomgått og vurdert, basert på litteraturstudium. Den for tida mest omtalte behandlinga, tinnitus retreningsterapi (TRT), ser ikkje ut til å vere underbygd av kontrollerte studiar tilgjengeleg i faglitteraturen. Det forundrar meg at hyperbar oksygenbehandling (HBO) ikkje er teke med i vurderinga. Eg har ikkje tal på kor mange timar eg har brukt på å forklare fortvilte og håpefulle pasientar over telefon at den behandlinga diverre ikkje er nokon vidunderkur.

Mest interessant er kapitlet om kognitiv åtferdsterapi, som forfattaren tydeleg har arbeid mykje med og omtalar relativt detaljert. Det kan sjå ut som dette for tida er det mest lovande behandlingsalternativet for mange sterkt plaga tinnituspasientar.

Boka gir eit greitt overblikk over kunnskap om eit aktuelt problem, og vil vere til nytte for dei som behandlar tinnituspasientar, både i allmenn- og spesialistpraksis. Somme pasientar vil o†g finne svar på sine mange spørsmål.

Otto Inge Molvær

Førde

Anbefalte artikler