Old Drupal 7 Site

Abortnemndene i Rogaland er betre enn sitt nye rykte!

Geir Sverre Braut, Annevig Ebbe Om forfatterne
Artikkel

Tidsskriftet har nett presentert ein studie der forfattarane konkluderer med at det er sannsynleg at det er geografisk variasjon i praktiseringa av abortlova når det gjeld nemndsvedtak etter 12. veke (1). Forfattarane meiner at denne variasjonen ikkje er i samsvar med intensjonane i lova. Leiarskribenten i same utgåva av Tidsskriftet mistenkjer nemndene i nokre fylke, m.a. Rogaland, for å praktisere lova strengare enn andre stader i landet (2).

Vi skal ikkje argumentere mot at Rogaland skil seg frå ei rekkje andre fylke når det gjeld statistikken over svangerskapsavbrot. Det veit vi gjeld for krav om avbrot før utgangen av 12. veke. Kvinnene i Rogaland skil seg frå kvinner andre stader i landet på dette området. Kor stor verknad dette kan ha på kva som skjer etter 12. veke, veit vi ikkje. Dette er eit moment som heller ikkje blir drøfta i artikkelen. Det kan tenkjast at slike forhold påverkar den påviste skilnaden, til dømes dersom kvinner i Rogaland tenderer til å utsetje sitt eige val i slike saker. Nokre fleire kvinner som ikkje fyller lovkrava for gjennomføring av avbrot etter 12. veke kan, om dette er rett, kome til nemnda med ei lovmessig sett ”svak” sak.

Den aktuelle studien omfattar ikkje dei avbrota som skuldast påviste misdanningar. Desse er rapporterte for same tidsbolken tidlegare (3). Dermed kan ulikskapar i klassifiseringa av visse misdanningar forstyrre resultatet noko. Vidare gjeld denne studien berre to år. Såleis blir tala som gjeld kvart fylke ganske små. Studien blir difor var for variasjonar frå år til år. For Rogaland sitt vedkommande er det då også slik at det eine av dei undersøkte åra (1997) var det året for heile perioden 1990 – 99 der nemndene gav den største delen avslag.

Dersom vi for Rogaland heller nyttar åra 1995 og 1996, utan frådrag av svangerskapsavbrot på grunn av misdanningar, får vi ein samtykkeprosent på 86; for heile tiåret blir det 82. Då blir ikkje nemndspraksis i Rogaland så påfallande ulik praksis i dei fleste andre fylke. Det relevante spørsmålet kan i dette perspektivet like gjerne vere om det er nokre fylke i det sentrale austlandsområdet som praktiserer lova noko meir liberalt enn det Stortinget hadde sett for seg. For å kome nærare eit svar på dette, må ein truleg sjå nærare på praksis i kvar einskild nemnd m.a. gjennom samanliknande kvalitativt prega studiar.

Fylkeslegen i Rogaland følgjer opp statistikken på dette området kvart år. Vidare hadde vi i 1996 eit omfattande systemretta tilsyn med praktiseringa av lova. Fram til no har Fylkeslegen ikkje hatt grunnlag for å meine at nemndene her ikkje har ein praksis i samsvar med gjeldande lovgjeving. Den presenterte studien er ikkje eigna til å rokke ved dette.

Anbefalte artikler