Old Drupal 7 Site

Zyban og legeetikken

Reidun Førde Om forfatteren
Artikkel

Carl-Ditlef Jacobsen har i ei årrekke kjempa for å redusere helseplagene frå røyking. I det siste har han også engasjert seg mot bruk av Zyban som ledd i røykeavvenning, og i samband med dette har han fleire gonger etterlyst engasjement frå medisinsk-etisk hald (1, 2).

Arbeidet for redusert tobakksbruk er viktig, men har diverre gitt nedslåande resultat. Effektive hjelpemiddel i dette arbeidet må helsast velkommen. Om Zyban er eit slikt ufarleg og effektivt hjelpemiddel er ikkje eit etisk, men eit medisinsk-fagleg spørsmål. At legar anbefalar bruk av medikament med biverkningar før gode røykeavvenningsregimer er prøvd, er eit problem på lik linje med medikamentell behandling for hyperlipidemi, hypertensjon og diabetes som erstatning for livsstilsomlegging. Unødig inngripande og risikofylt medisin er først og fremst dårleg medisin.

Anbefalte artikler