Old Drupal 7 Site

Kor stor redaksjonell fridom?

Elling Ulvestad Om forfatteren
Artikkel

”Få ting engasjerer folk så sterkt som språkspørsmål,” skreiv Magne Nylenna i Tidsskriftet nr. 4/2001 (1). Dette engasjementet skuldast mellom anna at språket er degenerert. All den tid det ikkje er eit ein-til-ein-tilhøve mellom ord og saksforhold, vert all meiningsformidling upresis. Dermed oppstår mistydingar, som igjen kan resultere i kjenslelada utbrot. Eg opplevde til dømes nyleg at ein artikkel eg hadde skrive, gjorde ein person ”sørgmodig” fordi han ikkje evna å forstå innhaldet i han og endåtil ikkje stod nemnt i referanselista (2). Det at noko er late ute frå ein tekst, kan altså ha ein vel så stor informasjonsverdi som det som står i teksten.

Eg valde nyleg å skrive ein kronikk til Tidsskriftet (3), og var svært nøgd då artikkelen vart godkjend utan endringar. Men etter å ha sett verket på prent, vart også eg ”sørgmodig”. At Tidsskriftet endrar ei setning og brukar ordet ”ble” i staden for ”vart” er uheldig, men det endrar ikkje på tolkinga all den tid lesarane også forstår bokmål. Verre er det når Tidsskriftet fjernar ord og setningar som er meiningsberande.

Å sameine dei to kulturane i medisinen er viktig, men vanskeleg. Eg vart derfor positivt overraska då eg fann 12 artiklar i Tidsskriftet som tok opp dette temaet. Eg var usamd med nokre av synspunkta, og skreiv derfor ein artikkel som fremja mitt eige løysingsforslag. Eg freista å skrive i ei form som gjorde det lett for andre å argumentere mot synspunkta mine, all den tid temaet ikkje har ei fasitløysing. I innleiinga til artikkelen la eg derfor mykje arbeid i kort å definere kva metode eg nytta meg av, kva min eigen ståstad var, kva eg argumenterte mot, kvifor eg førte inn den metaforiske nemninga ”den metafysiske myra”, og kva målsettinga med artikkelen var. Denne argumentasjonen fann dessverre ikkje Tidsskriftet plass til, i staden sette dei inn ein illustrasjon som tek like stor plass, men som ikkje har relasjon til artikkelen. At Aristoteles dermed får siste ordet, er særs misvisande, all den tid det nettopp var Aristoteles sitt syn på kunnskap eg freista å sette som kontrast til mitt eige syn. Slik innleiinga no står, er ho nærast meiningslaus i høve til resten av artikkelen, og sjølv vert eg tillagt meiningar eg ikkje kan vedkjenne meg.

Eg har vanskar med å forstå kvifor Tidsskriftet gjer så dramatiske endringar i eit manuskript utan å rådføre seg med forfattaren. Med til soga høyrer det at eg ikkje fekk lese korrektur på artikkelen før han stod på prent. Slik artikkelen no står, vert mykje av argumentasjonen og mange av synspunkta mine uforløyste.

Anbefalte artikler