Old Drupal 7 Site

Samfunnsmedisinsk brubygging i Søraust-Europa

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Konferansen, som gjekk over fleire dager, demonstrerte at utsegnet var meint som meir enn tomme ord. Bortsett frå Montenegro var alle dei tidlegare Jugoslavia-republikkane representerte. Arrangøren var selskapet for folkehelsearbeid og sosialmedisin i Bosnia og Hercegovina. Kollegaer som ikkje hadde treft kvarandre sia førstninga av 1990-talet, hadde mangt å drøfte både i møtesalen og i meir uformelle fora. Yngre personar som har etablert seg i fagfeltet siste tiåret, fekk høve til å knytte kontaktar på tvers av opptrekte grenseliner.

Sosial ulikskap

Dei faglege tema spente vidt og dekte heile det samfunnsmedisinske fagfeltet; helseadministrasjon, miljømedisin, sosialmedisin, preventiv medisin og epidemiologi. Vi vart bl.a. presenterte for data om sosial ulikskap i helse i Slovenia, om helsemessige utfordringar knytt til masseinvasjonen av flyktningar frå Kosovo til Makedonia i 1999, om tiltak mot kreft i Kroatia, om stoffmisbruk i Serbia, og om behov for reformer i helsetenesta i Bosnia og Hercegovina. Sjølv var eg einaste vesteuropear som følgde heile konferansen. Den norsk-bosniske kontakten blei etablert under den årlege samlinga i European Public Health Association (EUPHA) i Paris i desember sist år gjennom møte mellom eit par norske deltakarar og den fargerike professoren Izet Masic. Den same Masic var primus motor for planlegginga og gjennomføringa av konferansen i Sarajevo.

Papirkonstruksjon

Dei fleste presentasjonane kom frå vertslandet. Gjennom innlegga og meir uformelle samtalar teikna det seg eit bilete av eit land med svære utfordringar på mange plan, dersom ein i det heile tatt kan tale om eit land. Meir enn fem år etter at Dayton-avtalen gjorde slutt på krigen, er staten Bosnia og Hercegovina i stor grad ein papirkonstruksjon. Den serbiske delen, Repúblika Serpska, fungerer temmeleg autonomt. Konføderasjonen av kroatar og muslimar, som utgjer den andre hovuddelen, har sterke indre spenningar.

Konføderasjonen er på si side vidare inndelt i ti relativt autonome kantonar. Medan folketalet før krigen i 1991 var 4,4 millionar, var det i 1999 3,8 millionar. Ein kvart million døde under krigen eller er framleis sakna. 200 000 blei varig funksjonshemma.

Det er rekna til at minst ein firedel av folket har symptom på posttraumatisk stressyndrom. 700 000 lever som flyktningar utafor heimlandet, og emigrasjon av yngre og middelaldrande personar, ofte med god utdanning, held fram. Brutto nasjonalprodukt per innbyggjar var i 1999 under halvparten av nivået frå 1991. Arbeidsløysa er offisielt 50 %, men i ei undersøking som blei lagt fram

på konferansen, fann dei at talet var nærare 75 %. Halvparten av innbyggjarane lever under den offisielle fattigdomsgrensa.

Norsk-bosnisk sameining på Hotell Grand Sarajevo som er bygd opp igjen etter krigen. Professor Izmet Masic, primus motor for konferansen, bak til høgre. Begge foto K. Hagestad

Skadane etter borgarkrigen pregar framleis bybiletet i Sarajevo. Regjeringsblokka til høgre for minareten er sterkt ramponert

Minefare

Om lag ein firedel av folket er utsett for minefare. Meir enn ein million udetonerte miner finst spreidd utover store delar av landet. Sia Dayton-avtalen blei inngått, er 300 personar døde og bortimot 700 alvorleg skadde av denne snikande trusselen. Opplæring av barn til å verne seg mot miner er ei viktig utfordring for folkehelsa.

Helsetenesta i Bosnia og Hercegovina er som i andre austeuropeiske land prega av tradisjon med eit offentleg helsevesen som er sterkt forankra i hospital- og spesialisttenester, medan primærhelsetenesta er svakt fundert. Mønsteret er i ferd med å endrast, men det er ein tung prosess. Ulike internasjonale organisasjonar og samarbeidsprogram som er til stades på arenaen, er slett ikkje alltid like godt koordinerte, og gir til dels sprikjande tilrådingar. Privatisering av oppgåver er eit tydeleg trekk i utviklinga.

Internett-forum

På konferansen blei det presentert eit nytt og spennande program for vidare- og etterutdanning og forsking innan folkehelsearbeid i Søraust-Europa. Programmet er engelskspråkleg og basert på Internett. Forutan alle dei tidlegare jugoslaviske republikkane (unntatt Montenegro), er Tyskland, Albania, Bulgaria og Hellas med som deltakarar eller assosierte medlemmer. Hovudforankringa er i Zagreb i Kroatia og Bielefeld i Tyskland. Den som er interessert i meir informasjon, kan følgje med på nettsiden: www.snz.hr/ph-see/info.htlm

Anbefalte artikler