Old Drupal 7 Site

O.I. Molvær svarer:

Otto Inge Molvær Om forfatteren
Artikkel

Einar Thorsen sin reaksjon på artikkelen min undrar meg. Eg skjønar ikkje at det kan lesast som distansering frå og bagatellisering av helseproblem ved dykking, eller at eg lar vere å ta stilling til omfanget. Eg meiner heller ikkje at eg er blitt villeia av tilgjengeleg talmateriale. Dykkelegar med brei, praktisk røynsle eg har drøfta det med, har heller ikkje oppfatta artikkelen min slik. Thorsen veit godt at eg i ein mannsalder i skrift og tale har prøvd å redusere helseskadane ved dykking gjennom nærkontakt med dei fleste dykkemiljøa, både ved undervising i dykkemedisin og ved behandling av dykkeskadar.

At eg som otolog påpeikar det faktum at øyreskade er hyppigaste medisinske problemet ved dykking, bør lungelegen Thorsen kunne akseptere.

Eg har aldri prøvd å skjule at det å dykke representerer ein viss helserisiko, og jamvel dødsrisiko. Eg har sjølv på eit hengande hår sloppe frå katastrofal utgang av eit dykk. Men det har likevel gått godt gjennom 30 år. Det vil heldigvis helst gå godt. Risikoåtferd kjem vi aldri forbi. Eg kjenner til og med folk som røykjer! Thorsen refererer i sitt innlegg ei japansk undersøking som syner større dødsrisiko ved sportsdykking enn ved bilkøyring. Det blir ei samanlikning mellom noko mange oppfattar som risikoåtferd, sportsdykking, med noko dei fleste ikkje oppfattar som risikoåtferd, bilkøyring. Om tilhøva i Japan er samanliknbare med våre, er eit anna spørsmål. Det kunne ha vore interessant å samanlikne det mange oppfattar som to ulike risikoåtferder: sportsdykking og røyking. Eg innser likevel at det metodisk ville vere vanskeleg å vege desse to mot einannan. Til sist kjem ein ikkje utanom det faktum at det er livsfarleg å leve; ein kjem aldri levande frå det.

Anbefalte artikler