Old Drupal 7 Site

B. Stubhaug svarer:

Bjarte Stubhaug Om forfatteren
Artikkel

Diskusjonen om nytte og skade av psykofarmaka har i alle år hatt ein tendens til å få eit forenkla svart-kvitt-preg. Dei moderne slagorda mot bruk av farmaka har vore ”kjemisk lobotomi” og ”dødelig terapi”. Publikum, media, brukarar og profesjonelle har gjerne fylka seg rundt stridsleiarar med motsette merkeflagg: psykofarmakas gode merke eller det tilsvarande dødelege merke.

Oppslaget i Dagens Medisin er del av ein ny runde i den gamle striden, etter eit TV-program med sterke synspunkt om medisiners øydeleggjande verknad. Vi veit at mange brukarar vart skremde, kjende seg uthengde og vart i tvil om faren med medikament dei brukar.

Korleis bør allmennlegar møte slike reaksjonar? – det er det utsegnene i Dagens Medisin handlar om. Vi trur altså det beste er ”å bruke god tid og forklare grundig”. Dette inneber sjølvsagt å informere om kjende biverknader, samt om interaksjonar med andre farmaka eller psykoaktive stoff. Den andre sida av informasjonen vil handle om risiko ved å la tilstanden vere ubehandla utan medikament, alternative behandlingsmåtar, og kva som gjev størst sjanse for betring.

Alle medikament har biverknader, og individuelle skilnader og sensitivitet kan gje uvanlege og potensielt farlege verknader. Det gjeld alt frå antibiotika til psykofarmaka. Vi skal ikkje la vere å bruke medikament av den grunn, men må ha god kunnskap, god nok indikasjon og forsvarleg oppfølging.

Vi kan ikkje sjå at dokumentasjonen av ”skade” av moderne psykofarmaka er særleg god. Reseland viser ikkje til ny kunnskap eller forskning som går ut over det ein kjenner, og som sjølvsagt må vurderast og ev. informerast om, men ikkje som ”skade” og ”potensielt livstruende bivirkninger”. Mykje dreier seg om hypoteser, mulige relasjonar og usikker kunnskap om hjernefysiologi. Serotonerge effektar er ein del av biletet, slik verknader av andre transmittorar og substansar er det. Serotonergt syndrom bør vere kjent for alle legar, men er det kanskje ikkje godt nok. Her kan det vere trong for kunnskapsauke.

Like kjent bør det vere at depresjon ofte er ein dødeleg sjukdom, og at psykosar kan gje skader og funksjonsfall som varer. Det er i dette perspektivet ein må drøfte og vege opp nytte og skade, både ved behandling – og ikkje minst utan behandling. Det er framleis del av legens legekunst å formidle dette slik at pasienten kan styre og meistre livet sitt på best mogeleg måte.

Anbefalte artikler