Old Drupal 7 Site

PM10 og ultrafine partiklar

Martinus Løvik Om forfatteren
Artikkel

I artikkelen Luftforurensning og helse i Tidsskriftet nr. 2/2002 (1) blir det gitt ein definisjon av PM10 som ”partikler med en diameter på 2,5 – 10  µ m”. Denne definisjonen er ikkje korrekt. PM10 inneheld alle dei partiklane i lufta som har ein aerodynamisk diameter frå 10  µ m og nedover. Det er berre partiklar større enn 10  µ m som ikkje er inkluderte, og det er inga nedre grense slik det vert sagt i artikkelen. Aerodynamisk diameter på 2,5  µ m som er nemnt i artikkelen, dannar eit skilje berre på den måten at partiklar som er større enn 2,5  µ m høyrer til grovfraksjonen av PM10, medan partiklar med aerodynamisk diameter mindre enn 2,5  µ m høyrer til finfraksjonen av PM10 (2).

Merk at vi her talar om aerodynamisk diameter. Aerodynamisk diameter avheng ikkje berre av geometrisk storleik, men óg av partikkelen si eigenvekt og friksjonseigenskapane han har. Aerodynamisk diameter er diameteren til ei kule med eigenvekt 1 som har same sluttfarta i fritt fall som den aktuelle partikkelen (3).

Artikkelen (1) gir óg inntrykk av at ultrafine partiklar har ”en størrelse på 0,02  µ m”. Ultrafine partiklar er partiklar med diameter mindre enn 100 nm (0,1  µ m) (4), ikkje 0,02  µ m (20 nm) slik det står i artikkelen.

Ultrafine partiklar er altså definisjonsmessig ein del av PM10, men har så liten masse at dei i liten grad verkar inn på målingane av PM10. Dei store, grove – men biologisk mindre aktive – partiklane i PM10 vil dominere på vekta (5).

Partiklar med diameter på 20 nm som Teresa Løvold Berents & Bjørgulf Claussen nemner, høyrer til det som óg vert kalla nanopartiklar (partiklar i nanometerområdet). Den øvre grensa i diameter for nanopartiklar er det ikkje allmenn semje om.

Anbefalte artikler