Mange har prøvd å forklare Hitlers spesielle personlegdom og gi han ei diagnose. Heston & Heston har gjennomgått tilgjengeleg arkivmateriale og gir grundig informasjon om Hitlers somatiske problem. Boka gir grundig omtale av hovedproblema hans, som utan tvil var kronisk kolikk og oppblåst mage. Han prøvde både diett og ulike medikament på eiga hand, mellom anna Dr. Koesters antigasspille, som inneheldt belladonna og litt stryknin.
Livlegen Karl Brandt tilrådde Hitler å bli undersøkt av ein velkjend spesialist i Berlin. Hitler avslo. Han var redd for at posisjonen kunne bli svekka pga. rykter om at Føraren var sjuk. Til slutt gjekk han med på å bli undersøkt av Theodor Morell, ein allmennpraktiserande lege frå Berlin, kjend for ukonvensjonelle metodar. Morell stilte diagnosen overanstrengd tarmbakterieflora og ordinerte tilførsel av friske tarmbakteriar, såkalla Mutaflor-kapslar. Desse inneheldt tarmbakteriar frå landsbyfolk i Bulgaria. Teorien var at friske tarmbakteriar skulle erstatte dei skadelege. Føraren kom seg, og Morell blei Hitlers eigentlege livlege heilt til slutten.
Heston & Heston går grundig inn på påstanden om Hitlers amfetaminbruk, som sannsynlegvis starta i 1936 og auka gradvis. Etter 1942 var amfetaminbruken eit problem for Hitler, og mot slutten av krigen fekk han ein dose nesten dagleg. Det er, etter forfattarane si meining, ingen tvil om at amfetaminbruken kan ha påverka Hitlers åtferd, som mange meiner endra seg over tid. Mellom andre Albert Speer, som har skrive innleiinga, observerte Hitlers påfallande endra framferd. Ofte blei Hitler rasande over ein bagatell. Mange som møtte han, reagerte også på hans ofte totalt urealistiske vurdering av situasjonen. Forfattarane framhevar at amfetaminbruk kan forklare Hitlers til dels svært irrasjonelle framferd. Andre imøtegår denne påstanden og peikar på Hitlers spesielle personlegdom og det enorme presset han må ha blitt utsett for.
Frå 1942 av tok Morell ofte EKG av Hitler. Han fekk dei vurderte (med oppdikta namn) av ein kardiolog, som stilte diagnosen progressiv koronar sklerose og gav pasienten ein dårleg prognose. Hitlers EKG er bevarte, og etter vår tids ekspertise viser dei berre uspesifikke forandringar utan klinisk interesse.
Ved attentatforsøket 20. juli 1944 fekk Hitler overflatiske brannskadar og sprengte trommehinner. Perforasjonane tilhelte utan problem, bortsett frå på høgre side, der han fekk ein langvarig infeksjon.
Morells ofte kontroversielle behandling av Hitler førte til vedvarande konflikt mellom Morell og Brandt, som til slutt måtte forlate Hitlers stab.
Avsløringane etter mordforsøket og motgangen ved fronten tok hardt på Hitler, som eldest fort. Mot slutten av krigen gav han inntrykk av både psykisk og fysisk forfall. Han var likevel intellektuelt klar og hadde inst inne ein realistisk oppfatning av situasjonen, meinte fleire vitne.
Morell blei etter kapitulasjonen grundig eksaminert av amerikanske ekspertar. Denne boka byggjer i stor grad på denne rapporten. Ho gir grundig dokumentasjon om Hitlers helsetilstand, bortsett frå amfetaminbruken, som er udokumentert. Her må forfattarane byggje på spekulasjonar.
Birger
Valen
Ortopedisk seksjon
Haugesund sjukehus