Old Drupal 7 Site

Viktig debattskrift for særleg interesserte

Artikkel

Denne boka tek for seg ulike emne knytta til evaluering av helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tiltak i den vestlege verda. Målgruppa er folk som treng djupare kjennskap til slike spørsmål, anten dei er ansvarlege for utforming, gjennomføring eller evaluering av helsefremjande tiltak.

Boka presenterer ei rekkje grunnleggjande, teoretiske emne i tillegg til å syne døme frå evalueringar som er gjennomførte i praksis. Forfattarlista er lang. Sjølv om boka såleis er ei slags artikkelsamling, har redaktørane makta å få ho godt dekkjande for tematikken. Som for dei fleste antologiar er kvaliteten på dei ulike tekstane noko varierande. Kjeldegrunnlaget er jamt over representativt. For meg var det nok det meir prinsipielle stoffet i den første tredelen av boka som vekte størst åtgaum. Denne delen viser godt dei vitskapsteoretiske spenningane mellom eit medisinsk og eit samfunnsfagleg kunnskapssyn. Påstanden om at randomiserte kliniske forsøk ikkje er høvelege, og kan vere villeiande og unødvendig dyre for å sikre eit forsvarleg vedtaksgrunnlag i helsefremjande arbeid, er garanti for debatt med temperatur.

Tre kapittel om kva som skal telje som evidens, om aksjonsforsking og om samspelet mellom kvantitative og kvalitative tradisjonar, tener som uttrykk for at no kjem diskursen mellom positivisme og hermeneutikk også i medisinske krinsar; 30 – 40 år seinare enn i samfunnsfaga!Ikkje alle kapittel dreg opp kontroversielle debattar. Ein kort og velskriven tekst om økonomisk evaluering kan tene som døme på trygg kunnskap i boka.

Boka er i største laget for praktikaren som treng kortfatta informasjon. Behovet for evalueringskunnskap i den norske helsetenesta ligg enno på eit mykje meir grunnleggjande nivå enn det vi finn her, diverre. Dei praktiske døma er for summariske for dei som ønskjer å gå djupare inn i stoffet. Men boka er eit godt utgangspunkt for nødvendige vitskapsteoretiske drøftingar om kunnskapsbasert helsefremjande arbeid.

Geir Sverre Braut

Fylkeslegen i Rogaland

Stavanger

Anbefalte artikler