Old Drupal 7 Site

PLO misbruker ambulansane

Sigrid Saunes, Gunnar Saunes Om forfatterne
Artikkel

I ein redaksjonell artikkel i Tidsskriftet nr. 9/2002 går Mads Gilbert til åtak på Israel si krigføring i Libanon i 1982 og under den noverande intifadaen (1).

Vi vil først seie oss leie for at Tidsskriftet gir spalteplass til politiske ytringar som vi er redde er med på å byggje opp under eit gryande jødehat i landet vårt.

Vi er samde med Gilbert i éin ting: Helsepersonell må så sant det er mogleg i ein krigssituasjon vernast og gjevast rom til å utføre det hjelpearbeidet som er livsviktig.

Gilbert skriv om den israelske invasjonen av Libanon, men seier ingenting om grunnen til at Israel gjekk inn. Det var for å sette ein stoppar for utallige rakettåtak mot NordIsrael og terroristar som kryssa grensa for å massakrere sivile. Gilbert seier heller ingenting om korleis PLO tyranniserte sivilbefolkninga i Sør-Libanon. Heller ikkje fortel han at då israelske fly slepte ned flygeblad over Vest-Beirut for å få sivilbefolkninga til å røme før åtaket, så vart dei hindra av PLO, som ville ha dei som skjold. Og kva sa libanesarane om Israel sin invasjon i 1982? Dei opplevde han som ei frigjering frå terroren og anarkiet til PLO. Mellom anna vitna den libanesiske forfatterinna May Murr om dette på israelsk fjernsyn.

Så nemner Gilbert Sharon og Sabra og Shatilla. Det som hende i Sabra og Shatilla, var at arabarar massakrerte arabarar. Leiaren for militsen som gjorde dette var Elie Hobeika. Om han fortel Robert Hatem, på den tid livvakt for Hobeika, i boka From Israel to Damascus (2). Hovudkonklusjonen i boka er at Hobeika, som hadde nære band til Syria, stod bak massakrane i Sabra og Shatila for å forpurre ein fredsavtale mellom Israel og eit ”kristent” Libanon og for å leggje grunnlaget for syrisk dominans i Libanon. Ein kan trygt seie at Syria har lukkast så langt.

Under den noverande intifadaen har det vorte skote mot palestinskarabiske ambulansar. Gilbert gir Israel all skuld for dette, sjølv om han i skrivande stund burde vite at desse ambulansane vert brukt aktivt i krigføringa. Mellom anna er det videofilma 30 eksempel der dei vart brukt til innsmugling av våpen og utsmugling av terroristar frå flyktningleiren Balata ved Nablus. Kjent burde det også vere at ambulansar har frakta bomber, og at det har vorte skote frå dei. Gilbert burde heller rette kritikk mot sine palestinske vener som tillet misbruk av ambulansar og soleis set ”sivile” ambulansar og personell i livsfåre.

At ambulanseklubben i Oslo har gjennomført ein demonstrasjon på sviktande grunnlag (1), er ikkje argument for at også norske legar skal dumme seg ut. Det norske legar bør gjere, er å skaffe seg meir informasjon om konflikten i Midt-Austen enn kva Dagbladet, VG, NRK og TV2 kan framskaffe. Då unngår vi å få same skylappane som professoren i Tromsø.

Anbefalte artikler