Old Drupal 7 Site

Nytt om navn

Otto Inge Molvær, Fritz Martin Tonning, Allmennmedisinsk forskningsutvalg Om forfatterne
Artikkel

Professor emeritus, dr.med. Terje Gundersen er død, 83 år gamal (1918–2002). Ein pioner i norsk otokirurgi har forlate oss. Han var fødd i Kirkenes i små kår, yngst av tre syskjen, og var den fyrste i slekta som fekk akademisk utdanning.

I 1943 slo okkupasjonsmakta til mot Universitetet i Oslo. Studentar og lærarar vart arresterte. Etter to månaders internering i Stavern vart dei nyttårsnatta transporterte til Oslo, der D/S «Donau» låg klar til å transportere dei til tysk fangeleir. Av ukjend grunn vart imidlertid Gundersens gruppe skild ut ved skipet, og køyrd i lastebil til Grini. Etter eit venteår kunne han likevel fullføre studiet i 1948.

Etter distriktslegeteneste i Ankenes ved Narvik fylgde variert teneste ved Nordland fylkessjukehus, Namdal og Ullevål sjukehus og Rikshospitalet. Utdanninga til spesialiteten øre-nase-halssjukdomar var ferdig 1957. Under studiereise i England lærde han seg ein ny teknikk for kirurgisk behandling av otosklerose. Etter trening på tinningbein innførde så Gundersen og overlege Fabritius i Namsos moderne oto-sklerosekirurgi her i landet.

I 1961 vart øre-nase-halsavdelinga ved Haukeland Sykehus opna, og Gundersen vart tilsett som reservelege. Ved sida av full klinisk stilling gjennomførde han eit stort, eksperimentelt doktorgradsarbeid om protesar i høyrebeinskjeda. Dette forsvarte han i 1971.

Året etter vart det oppretta øre-nase-halsavdeling ved Regionsjukehuset i Tro-ndheim, der Gundersen vart tilsett som sjef. Han lærde seg heile tida dei nyaste behandlingsmetodane i faget. Dei fyrste sakkusdekompresjonsoperasjonane ved Menières sykdom her i landet vart såleis utførde i Trondheim

I 1981 gjorde han si fyrste elektriske stimulering direkte på høyrselsnerven, og det fyrste permanente cochleaimplantatet i Norden vart sett inn ved avdelinga i Trondheim i 1984. Då Gundersen slutta ved avdelinga, 70 år gamal, hadde han utført 18 slike operasjonar.

For Gundersen var «pasienten i sentrum» meir enn ein frase. Det var eit ufråvikeleg aksiom. Han hadde ein arbeidskapasitet ut over det vanlege. Dette, kombinert med ein jarnvilje, gav resultat.

Han var med i Yngre legers forenings landsråd då det vart skipa. Han nytta tida godt, og hadde mange fritidsinteresser. Han utdanna seg til sportsdykkar, var ein ivrig jeger og seglbåtar stod hans hjarte nær.

Som pensjonist kunne han nyte sitt otium i California, ivrig oppteken med dyrking av frukt og grønsaker i eigen hage. Berre det siste døgeret var han sengeliggjande og klar til ein halvtime før han døydde fredeleg i heimen. Etter seg har han seks born.

Terje Gundersen var ein føregangsmann i norsk otologi, som har mykje å takke han for. Me som hadde han som læremeister og ven, vil med dette takke for alt han gav oss, og lyse fred over minnet hans.


Anbefalte artikler