Old Drupal 7 Site

Antioksidantar på nytt

Bjørn J. Øverbye Om forfatteren
Artikkel

Tilsvaret til Fretheim & Bjørndal på innlegget mitt i Tidsskriftet nr. 26/2002 (1, 2) om antioksidantar tyder på at debatten er noko på villspor. Medan Fretheim & Bjørndal ser på antioksidantar som lækjemiddel som må provast randomisert dobbeltblindt, er desse stoffa i røynda ikkje ulik til dømes vitamin B12, som via homocysteinsystemet hev ein antioksidanteffekt.

Det ville være nyttelaust å randomisere og dobbelblindteste pasientar med lågt nivå av vitamin B12. Det rette ville vere å måle vitamin B12 og gje cyokobalamin eller metylkobalamin til både vitamin B12- og homocysteinverdiane vart normale.

Såleis er det med antioksidantane og dei frie radikalane dei skal ta bort. Ein måler ut båe grupper og gjev antioksidantar til verdiane er blitt optimale og dei frie radikalane er senka så lågt som råd er.

Av di debatten ikkje tek omsyn til desse enkle fakta, vert i grunnen heile samtalen om antioksidantar meiningslaus, men no som dagsorden er sett, vert vi sikkert samde for all framtid. Eg kan då dele denne røyndomen: Ei 83 år gamal kvinne som nytta antihypertensiv for høgt blodtrykk, blei etter målingar av både antioksidantar og frie radikalar, sett på dei naudsynte stoffa. I dag, to år seinare, er blodtrykket 130/65 mm Hg og kona er i god form, sprek som aldri før. Såleis gjeng det når ein nytter biokjemi på lækjarkontoret. Skulemedisinane har ho kasta, sjølvsagt.

Anbefalte artikler