I Dagbladet 26.2. 2003 var overskrifta i intervjuet med presidenten i Den norske lægeforening slik: «Ugreit å bruke legetittelen slik Fedon Lindberg gjør» (1). Eg trur ikkje det er berre Fedon Lindberg som bruker tittelen ugreitt. Men nokre av dei andre vert ikkje nemnde i TV og tabloidavisene.
Underteikna har store problem med tinnitus, og vart av ein lokal øyre-nase-hals-avdeling tilrådd ein dr.med. … i Oslo som var ekspert på dette feltet. Eg fekk time 4.12. 2002 og starta reisa austover kl 8 om morgonen for å kome på det medisinske senteret.
Då eg var installert på legekontoret, opplevde eg stort sett ein monolog i ca. 45 minutt og fekk så nokre stensilar, men inga undersøking. I grunnen var det vanskeleg å sjå at det var noka journalskriving også. Eg vart oppmoda til å kjøpe boka hans, for han meinte at eg ikkje ville bli meir symptomleitande om eg las den.
Dernest var det betaling. Konsultasjonen kosta kr 1 800. Pengeskrinet var høgre baklomme der han trekte opp ein bunke med papirpengar for å veksle. Men det vart inga kvittering! I tillegg hadde eg reiseutgifter på kr 700.
På bussturen heim (ca. 30 mil) las eg stensilane. Der fann eg att det meste av monologen og tilrådinga om å kjøpe boka hans.
Ved eit seinare høve snakka eg med ein kar frå Sunnfjord som også hadde fått prøve dette på same vis.
Eg lurer sterkt på kvifor legar kan drive på denne måten. Det må då vere etikkopplæring i dette yrket også. Det er greit å drive privat praksis, men innafor visse grenser.
Legar i det offentlege som anbefaler pasientar å dra til privatpraktiserande bør i alle fall kvalitetssikre spesialistane dei tilrår.
Kven er verst? Fedon Lindberg eller dei tause som utnyttar pasientane?