Old Drupal 7 Site

P-pilla 46 år – kvinner får styring

Odd Karl Jordheim Om forfatteren
Artikkel

P-pilla er 46 år. Altså ikkje noko rundt, stort jubileum, likevel ein sers viktig periode i alle kvinners liv. Fordi kvinnene i denne tida sjølve har hatt høve til å velja tal på og tidspunkt for svangerskap.

Som 15-åring var eg for første gong på venteromet hjå ein lege. Det var ei helseattest som var ærendet mitt. Ein 4 – 5-åring leika på golvet rundt beina våre. Brått sprang han bort til mor si, krafsa på henne, serleg opp mot brysta. Mora venta ikkje lenge før ho tok ungen på fanget og gav bryst medan alle såg undrande på. Dette var i ei tid då slikt helst skulle gå føre seg i løynd. Eg kjende meg brydd. Det gjorde nok varig inntrykk, sidan eg ikkje har gløymt episoden seinare.

Etter eit langt doktorliv har eg tenkt at dette kan hende var hennar form for prevensjon. Naturen har ordna det så viseleg at kvinner ikkje blir gravide så lenge dei ammar. Kroppen skal sleppa påkjenninga både av svangerskap og diegivning samstundes. I lange tider har kvinner visst dette og gjeve kvarandre kunnskap om det. Kvinna kunne rå med metoden sjølv, elles var ho prisgitt mannen og korleis han ordna seg.

P-pilla vart eit stort vendepunkt i alle kvinners liv. Som legestudentar var vi på mødrehygienekontoret i Oslo og lærte opp kvinner i bruk av livmorkopp, men dette var ein lite populær og lite brukt metode. Då den amerikanske biologen Gregory Pincus (1903 – 67) lanserte hormonpilla si i 1957, hadde han vel liten tanke for at dette skulle bli ein verdssensasjon. Tanken hans var i første omgang å minske veksten i slumstrøka i Puerto Rico. Legar hadde i mange år brukt hormoner hjå kvinnelege pasientar med forstyrra menstruasjonssyklus, men pilla til Pincus kunne hindra modning av nye egg i eggstokkane og med det nye svangerskap.

Som rimeleg er vekte dette stor åtgaum og ordskifte i byrjinga. Det kunne sjå ut til at desse kvinnene hadde større tendens til blodpropp, og det er gjort mange etterrøkingar med spørsmål om andre sideverknader, ikkje minst i høve til kreft. Heller ikkje her har ein funne noko sikkert. På den andre sida har ein funne ut at p-piller i ein viss grad kan minske kreftutvikling i eggstokkane.

I desse åra har det kome mange nye generasjonar med p-piller med mindre mengder aktivt stoff og med det mindre sideverknader, men med same graviditetshindrande effekt.

Anbefalte artikler