Old Drupal 7 Site

Dopplerekkokardiografi ved akutt hjarteinfarkt

Torstein Hole Om forfatteren
Artikkel

Det er stor variasjon i funksjonsnivå og overleving etter eit infarkt. Ei rekke faktorar er identifiserte som viktige prognostiske markørar, mellom anna venstre ventrikkel sin ejeksjonsfraksjon og andre dopplerekkokardiografiske målingar av venstre ventrikkel sin systoliske og diastoliske funksjon. Hovudføremålet med arbeidet var å skildre forløpet hos pasientar med akutt transmuralt hjarteinfarkt utan hjartesvikt og med intakt systolisk funksjon, og i tillegg ved ultralyd å identifisere tidlege prognostiske faktorar for seinare uheldig utvikling.

Studien omfattar 756 pasientar som tok del i ein norsk ekkokardiografisk multisenter observasjonsstudie (LEVEREM-studien), og 71 studiepasientar frå Ålesund sjukehus som er fulgt opp i to år.

Det er nytta dopplerekkokardiografiske metodar for vurdering av venstre ventrikkel sin systoliske og diastoliske funksjon. Det er utført reproduserbarheitsanalyser av dopplermålingar av lungeveneblodstraum som syner at målevariasjonen er relativt stor, men ikkje større enn for mange andre ekkokardiografiske mål på venstre ventrikkel sin funksjon. Denne målevariasjonen er ei av årsakene til at det er foreslått å nytte eit kjernelaboratorium ved multisenterstudiar. Vi har undersøkt skilnaden på gjentatte målingar utført av den einskilde studielege og målingar ved eit kjernelaboratorium. I snitt var det relativt små skilnader mellom målingane, men berre målingane ved kjernelaboratoriet hadde prognostisk verdi for seinare utvikling av komplikasjonar. Den reduserte målevariasjonen har såleis direkte innverknad på evna til å påvise prognostiske faktorar, og vil også kunne redusere talet på studiepasientar som er naudsynt for å vise ein gitt effekt.

Vidare syner studien at ein ny dopplerindeks for kombinert systolisk og diastolisk funksjon (Tei-indeks) ikkje har tilleggsverdi som prognostisk markør samanlikna med tradisjonelle mål som volum, ejeksjonsfraksjon, og dopplermålingar av blodstraum gjennom mitralklaffen. Det er også foreslått å nytte indeksen som erstatning for ejeksjonsfraksjon når biletkvaliteten er dårleg. Men studien viser svært moderat relasjon mellom denne indeksen og ejeksjonsfraksjonen målt både ved ekkokardiografi og isotopmetodikk. Dette gjev grunn til å reise spørsmål ved bruken av den nye indeksen i klinikken.

Sjølv om denne pasientgruppa generelt har god prognose, fann ein at 12 % av pasientane utvikla signifikant dilatasjon (> 20 ml/m²) av venstre ventrikkel i løpet av to år. Tidlege volumendringar (tre månader) og dopplermål som deselerasjonstida av E-bølga i mitralblodstraumen, kunne identifisere desse pasientane.

Avhandlinga gjev ny kunnskap om dopplerekkokardiografiske funn hos pasientar med akutt transmuralt hjarteinfarkt og intakt systolisk funksjon. Denne kunnskapen kan bidra til å identifisere tidlegare pasientar med uheldig utvikling. I tillegg gjev studien sterk støtte til bruken av kjernelaboratorium i klinisk ekkokardiografisk forsking.

Avhandlinga sin tittel

Doppler echocardiographic evaluation of left ventricular function in patients with acute myocardial infarction. Methodological and clinical aspects

Går ut frå

Institutt for sirkulasjon og billeddanning

og

Kardiologisk seksjon

Medisinsk avdeling

Ålesund sjukehus

Disputas 3.10. 2003

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Anbefalte artikler