Old Drupal 7 Site

Rehabilitering er viktig

Ole Danbolt Mjøs Om forfatteren
Artikkel

Foto SCANPIX/CORBIS

Eg har vore professor i medisinsk fysiologi ved Universitetet i Tromsø og rektor same stad. 1. mai 1995, på slutten av rektortida mi, vakna eg med sterke smerter i brystet. Og inn på sjukehuset bar det. Eg fekk god behandling og omsorg og god støtte frå kona mi. Det gjekk slag i slag med to mislukka utblokkingar og ein vellukka hjarteoperasjon (koronar bypass). 1. november 1995 blei eg friskmeld og har vore det sidan. Det takkar eg både Gud og menneske for!

Eg trur eg har særs gode «kvalifikasjonar» for å undervise i hjartesjukdomar: Eg har vore hjarteundervisar og hjarteforskar i 30 år, eg har vore hjartesjuk, hjarteutblokka, hjarteoperert, hjarterehabilitert og hjartefrisk dei siste ni åra.

Rehabiliteringa starta dagen etter operasjonen. Det var berre å kome seg på beina. Tredje dagen etter operasjonen var den vanskelegaste. Då såg eg mørkt på tilværet. Men seinare gjekk det berre opp og fram. Eg gjekk turar, lengre og lengre for kvar dag. Aldri såg eg Tromsdalen vakrare! Ein natur der hav og fjell og himmel møtest. Eg blei fylt av energi, av glede og takk for at eg fekk livet tilbake i fullt monn.

I rehabiliteringstida var min gode ven Arthur Arntzen til stor hjelp for meg. Stundom måtte humorprofessoren leggja band på seg for at eg ikkje skulle le meg i hel! Besøka betydde mykje for at eg blei frisk.

Om lag tre veker etter operasjonen fekk eg halvannan månad med rehabilitering på LHL -senteret i Skibotn. Her var det fysisk aktivitet inne og ute, sykkelturar og fjellturar i haustfager natur. Det var bassengtrening og anna innetrening, skolering i helse og kosthald og meistringslæring. Og mykje god humor! Det utvikla seg eit fantastisk fellesskap som hadde mykje å seie for rehabiliteringsresultatet. Derfor er eg ein stor supportar av at det blir bygd ut nok rehabiliteringstilbod/institusjonar, både for hjartesjuke og andre. Det er eit gode både for den enkelte og for samfunnet som heilskap.

Anbefalte artikler