Old Drupal 7 Site

Flugelarver frå nase

Magne Skartveit Om forfatteren
Artikkel

Eg ser på Aftenpostens nettsider at det i Thailand er fjerna flugelarver frå nasen til ein kvinneleg pasient. Eg veit ikkje kor sjeldan dette tilfellet er, men eg har faktisk behandla pasient med same tilstand.

I 1985 arbeidde eg ved Brahmanbazar Health Clinic i Moulwibazar i Sylhet-provinsen i Bangladesh som utsending for Santalmisjonen i eit NORAD-prosjekt. Ei midaldra kvinne presenterte rikeleg med «maggots» i nasen. Eg var usikker på behandlingsmetode, men konfererte med ein erfaren britisk lepralege, dr. Cochran, som hadde arbeidd i 30 – 40 år i India og Bangladesh. Han var tilfeldigvis på besøk på klinikken vår denne dagen. Han bad meg hente terpentin på bilverkstaden og dytta vattpinnar med terpentin opp i nasen. Denne uortodokse behandlingsmetoden vart brukt. Eg hadde nok mine motførestellingar mot å bruke eit potensielt toksisk stoff i nasen. Behandlinga var yttarst effektiv. Larvene vart umiddelbart neddopa og nærast ramla ut av nasen. Tre veker seinare møtte eg ein yttarst takksam pasient som var svært nøgd med behandlinga ho hadde fått. Ved undersøking fann eg ein septumdefekt (hol i naseskilleveggen), ellers såg nasen heilt fin ut.

Anbefalte artikler