Old Drupal 7 Site

Ikkje fanden, men paven

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Steinar Hunskår har lese boka om distriktsmedisinen og uttrykkjer klar kritikk mot ein del synspunkt slik han oppfattar dei. Eg er ein av bidragsytarane til boka og ein av dei som står for det han likar minst. Difor svarer eg gjerne på kritikken.

Steinar Hunskår er ikkje nokon kven som helst i det allmennmedisinske fagmiljøet. Som mangeårig professor og redaktør av den suksessrike læreboka i allmennmedisin veit iallfall eg at han skal ein lytte til. Han har som regel god vurderingsevne og kloke observasjonar å komme med. Når han no tergar borti eit nytt honnørord, distriktsmedisin, og bed om fritak frå denne styggedommen, gjer han faget ei teneste. For skal omgrepet distriktsmedisin ha noka meining, må det lutrast gjennom kritisk analyse og gjerne polemisk debatt i fagmiljøa.

Slik eg les innlegget frå Hunskår har han tre tunge innvendingar mot boka om distriktsmedisin (1):

  1. Han etterlyser ein helsepolitisk analyse av situasjonen i dag

  2. Han misliker det han meiner å lese mellom linjene, «ei slags nedrakking av allmennmedisin i byar og bynære strok som ei enklare og sekunda vare» og ei tilsvarande glorifisering av dalstroka innan- og utanfor

  3. Han misliker ambisjonen om at distriktsmedisinen skal vere «eit korrektiv til moderne medisin», og han sparkar meg på skinnleggen fordi eg drar fram omgrepet «avdialogisering» av medisinen, og nok står i fare for å stimulere til «relasjonelt føleri utan medisinsk nytteverdi».

La oss no sjå litt på kva denne boka er og kva ho handlar om. Boka er ei essaysamling med 12 bidragsytarar, halvparten legar i klinisk praksis, halvparten fagfolk innan så ulike fagfelt som historie, sosiologi, filosofi, pedagogikk, fotografering og journalistikk. Den manglar ei tradisjonell helsepolitisk analyse og ei omtale av helsetenesta i utsette distrikt. Det saknar Steinar Hunskår, men det saknar ikkje eg. For det som er denne bokas styrke og særpreg, er ein annan type analyse, ikkje av tal og statistikk, måling og veging av ressursar. Men ein analyse av samtidsfenomen, av det moderne samfunn (les: moderniteten), om sentralisering, urbanisering, medikalisering, risikotenking. Alle desse fenomena får helsepolitiske konsekvensar kvar einaste praksisdag. Det er den typen analyse denne boka tar sikte på å presentere og kommentere. Vi kunne sjølvsagt gjentatt det evige mantra om mangel på fastlegar i distrikt, utarming av distriktsnoreg, nedbygginga av velferdsstaten osv. Det ville blitt ei anna bok. Og den trur eg andre må skrive.

På det andre punktet er eg einig med Hunskår. I den grad innhaldet i boka er å forstå som ei slags nedsabling av allmennmedisinen i byar og bynære strok, er det både usakleg og uheldig. I mitt eige essay gjer eg eit nummer av at geografisk avstand til sentrum har minst å seie for å forstå det eg oppfattar som distriktsmedisin. Difor understrekar eg også at distriktsmedisin ikkje er noko anna enn ei bestemt forståing av allmennmedisin, og at den type praksis blir utøvd kvar dag like gjerne i storbyen som i «langtvekkistan», like gjerne i Bergen og i London som på Finnøy og i Loppa. Eg ville ha føretrekt eit anna ord, lokalsamfunnsmedisin i staden for distriktsmedisin. Hunskår har eit godt poeng når han skriv at definerer vi distriktsmedisin slik at det berre omfattar 1 – 2 % av befolkninga, gjer vi neppe befolkninga ei teneste.

På det tredje punktet er nok Hunskår og eg heilt usamde. Han likar ikkje snakket om korrektiv til moderne institusjonsmedisin og han likar ikkje forsøket på å danne ei motvekt til sentralisering, medikalisering og teknologisering av medisinen. Dette er ideologi som blir forsøkt prakka på folk som ikkje er spurt. Det er arrogant og til og med farleg.

Ok. Så veit vi det. Eg trudde eg var på sikker grunn og ikkje kom med noko meir oppsiktsvekkande enn det som til dømes implisitt er nedfelt i Norsk selskap for allmennmedisins sju tesar for allmennmedisin. Men Hunskår har rett. Befolkninga er ikkje spurt om dei likar desse tesane. Ikkje om dei likar tiazid som førsteval ved hypertensjonsbehandling heller, forresten. Det ligg no eingong i sakas natur at det ikkje alltid er like lett å spørje befolkninga. Dette med tiazid og hypertensjonsbehandling tar eg fram nettopp for å illustrere mitt poeng. Poenget er: Å prøve å vere eit korrektiv til moderne spesialistmedisin er ikkje så tullete som Hunskår vil ha det til. Hypertensjonsmiljøet i allmennmedisin har vist både at det er eit stort behov for, og at det er råd å lukkast med sitt prosjekt dersom ein på fagleg vel fundert grunnlag problematiserer det spesialisthelsetenesta står for, og gjerne presenterer eit alternativ. Det er mange andre slike felt, som mellom anna blir godt illustrert i Eivind Vestbø sin artikkel i denne boka (1). Min kjepphest er kritikk av tendensen til å avdialogisere medisinen i somatikk og psykiatri – mest det siste. Eg kan leve med at mange med Hunskår sikkert synest dette er tullprat. På den andre sida finn eg trøyst i at klokare folk enn eg har funne grunn til å fokusere på same problematikken (2).

Ingen ønskjer å prakke på andre ein ny distriktsmedisin. «Vi fokuserer på distriktsmedisin som mulighet, som potensialitet, heller enn å tilstrebe noen form for representativ realitetsbeskrivelse,» skriv redaktørane Olaug S. Lian og Eivind Merok (1). Eg synest dei har lukkast svært godt både med eigne innlegg og med redigeringa av boka.

Steinar Hunskår skriv at han har lese delar av boka som fanden les Bibelen. Eg trur nok fanden får meir ut av Bibelen enn dette. Personleg får eg assosiasjonar til pavens aversjon mot prevensjonsbruk. Sjølv om paven personleg ikkje ser poenget med kondom, er det ikkje sikkert han har forstått heile AIDS-problematikken av den grunn.

Anbefalte artikler