Old Drupal 7 Site

CPME og anna internasjonalt arbeid

Ottar Grimstad Om forfatteren
Artikkel

Norge er eit lite land i den medisinske verda. Vi treng å delta internasjonalt for å halde oss oppdatert med kva som skjer internasjonalt og internt i andre land.

Ottar Grimstad

Vi treng å ta med impulsar og gode idear heim og vere orientert så tidleg som råd om internasjonale endringar som vil påvirke oss. Gjennom aktiv deltaking i internasjonale organisasjonar vil vi også kunne yte eit bidrag til å utvikle prosessar i ei retning våre medlemmer vil vere tent med.

Sjølv om EU-traktaten i utgangspunktet ikkje skulle omfatte organiseringa av helsetenester, så er det mange vedtak og direktiv frå EU som får følgjer for helsetenestene, og som har viktige følgjer også for norsk helseteneste. Europeiske legar har behov for eit felles organ som kan samordne legar sine standpunkt overfor EU-organa og drive arbeid for å få gjennomslag for desse synspunkta. CPME – Comité Permanent des Medecins Europeens – er ein organisasjon som i utgangspunktet har den viktigaste legeforeninga i kvart EU-land som medlem. Men land som følger EU sine regelverk på dei områda som er relevante for helsetenesta, slik som EØS-landa Norge og Island, er også medlemmer, og nyleg er også Sveits tatt opp som medlem.

Stort saksområde

Mykje av utgreiingsarbeidet blir gjort i arbeidsgrupper sett saman av medlemmer frå forskjellige land. Arbeidet i desse gruppene skjer oftast over e-post for å spare reiseutgifter. Resultata blir lagt fram for ein av fire faste komitear – organisering av helsetenester, etikk, utdanning, forebyggande helsearbeid. Dette er ikkje komitear i norsk forstand men store møter der alle land er representert. Det som blir godkjent i komiteen kan så leggast fram for «board» – eller styret – eit stort fellesmøte der kvart land har ei stemme. Gyldige politikkvedtak krev 2/3 fleirtal. Der er ein valgt president og fire visepresidentar som utgjer Executive committee. Desse leier arbeidet mellom dei tre faste årlege plenumsmøta. Organisasjonen har eit nokså lite sekretariat på seks personar.

Organisasjonen har vedtak innafor eit stort saksområde. På nettsidene www.cpme.be kan ein finne oversikt over alle politikkvedtak. Viktige saker som det har vore arbeidd mykje med er mellom anna spørsmål om vilkår knytta til legar si flytting over landegrenser, gjensidig godkjenning av kompetanse, kvalitetsarbeid, pasienttryggleik, europeiske arbeidstidsreglar. Organisasjonen arbeidder aktivt for at det planlagte tenestedirektivet i EU ikkje skulle omfatte helsetenester, og har lukkast med det. Men vi må rekne med at EU på ein eller anna måte vil etablere eit eige direktiv eller regelverk for helsetenester, særleg når det gjeld å søke og tilby helsetenester over landegrensene. Det er sett ned ei arbeidsgruppe for å vere i forkant til kva krav og haldningar vi bør ha til eit slikt regelverk. Det er også nyleg sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på det europeiske arbeidet for «e-health» elektronisk helse – særleg ut frå eit lege-pasient og persontryggleiksperspektiv. Eg representerer Norge i denne arbeidsgruppa.

Samarbeid

CPME er berre ein av fleire europeiske legeorganisasjonar. Norge er representert i mellom anna PWG (Permanent Working Group of European Junior Doctors) gjennom YLF, UEMO (European Union of General Practitioners) gjennom APLF, AEMH (European Association of Senior Hospital Physicians) gjennom OF og UEMS (European Union of Medical Specialists) ved leiaren for spesialitetsrådet. Under UEMS fins det også undergrupper for einskilde spesialitetar der leiar for den relevante norske spesialitetskomiteen er medlem. Det fins også fleire europeiske legeorganisasjonar der vi ikkje er medlemmer. I prinsippet er desse organisasjonane sjølvstendige, men det blir arbeidd for å skape eit sterkare samarbeid mellom dei med CPME som eit samlande fellesorgan. Der er faste møter mellom leiarane av organisasjonane i samband med CPME-møta, Dei andre organisasjonane kan fremme saker gjennom CPME. Ein lager i aukande grad arbeidsgrupper som ikkje berre har representantar frå medlemene i CPME direkte men også frå dei samarbeidande organisasjonane. Det blir også arbeidd med samarbeid omkring sekretariatenester. Som ledd i arbeidet for å betre samarbeidet mellom dei europeiske organisasjonane, har sentralstyret utvida den politiske representasjonen i CPME frå å bestå av presidenten og eit sentralstyremedlem (meg) til også å omfatte leiarane i YLF. APLF og OF.

Nordisk og internasjonalt

EFMA (European Forum of Medical Associations and WHO) er ein annan organisasjon for europeiske legeforeningar. Den er ikkje er knytta opp mot EU-systemet og CPME og har mange fleire medlemmer heilt aust til Russland og Uzbekistan. Organisasjonen arrangerer årlege møter med foredrag, informasjonsutveksling og vedtak av einskilde resolusjonar, men driv ikkje utgreiingsarbeid og aktivt påvirkningsarbeid i same grad som CPME. Her er vi representert med president og generalsekretær.

På nordisk nivå har vi fellesmøter mellom presidentar og generalsekretærar eit par ganger i året og eit felles nordisk sentralstyremøte anna kvart år. Dette er også først og fremst forum for informasjonsutveksling og også til ei viss grad samkøyring av felles standpunkt i andre internasjonale organisasjonar.

Vi er også medlem av WMA – World Medical Organisation. Denne organisasjonen arbeider mest med legeetiske spørsmål og står bak viktige dokument som Helsinkideklarasjonen om medisinsk forskningsetikk. Her er vi derfor representert med leiar i Rådet for legeetikk i tillegg til president og generalsekretær.

Ut over dette pågår det også eit aktivt internasjonalt fagleg arbeid i regi av fleire av spesialforeningane.

Anbefalte artikler