Old Drupal 7 Site

Nytt og betre, eller berre nytt?

Bård Lilleeng Om forfatteren
Artikkel

Legar forvaltar stor kjøpekraft på vegne av samfunnet og vi vert difor det naturlege marknadsføringsmålet for dei som utviklar ny medisinsk teknologi.

Bård Lilleeng

Det er noko grunnleggande attraktivt ved ny medisinsk teknologi som lovar betre, tryggare eller enklare handsaming for pasientane. Det er lett å omfavne det ein får presentert som banebrytande framskritt. Dette gjeld uavhengig av om nyvinninga kjem i form av farmaka, utstyr, implantater, prosedyrer eller teknikkar. Tilbodet frå industrien om nye løysingar er eksponentielt aukande. Fellestrekk ved medisinske nyvinningar er gjerne at dei vert presenterte som gjennombrot, er dyre og at ein saknar data frå lengre tids bruk.

Det er eit aukande krav frå stadig meir velinformerte pasientar om å få tilgong til den nyaste handsaminga. Mange pasientar sit med omfattande kunnskap om forskningsfronten på området for eiga liing og har klare tingingar med omsyn til kva handsaming dei ynskjer. I denne situasjonen kjem vår gruppe under press. Vi har eit klart ansvar overfor pasienten for å avvente å endre pågåande handsaming til ein veit at det nye alternativet er betre og like trygt som etablert handsaming. Historien er diverre full av eksempel på at nyvinningar er tekne i bruk utan gode nok data på førehand. Dette har mange gonger medført feil ressursbruk og diverre mindreverdig pasienthandsaming og pasientskader (1).

Profesjonsetikk må vere styrande

Dei seinare åra har «evidence based medicine» vore promotert som vårt beste vern mot å ta i bruk dårleg dokumenterte handsamingsformer. Det ein vakker tanke å skulle basere all sin praksis på erfaring samla gjennom veldesigna randomiserte, dobbeltblinda studier. Men det fordrar at ein kan stole på resultatene. Internasjonalt er det aukande uro over at mykje av «bevisene» er generert i prosjekt der det er tette bånd mellom forskarane og produsenten av produktet ein prøver ut (2). Lexchin et al fant at industrisponsing av studier er assosiert med positive resultater for sponsoren (3). Dei fann videre at det er lavare frekvens av publisering når studier er sponsa av industrien. Dette understrekar naudsynet av at vi fokuserer på å la vår profesjonsetikk og vår vitenskaplige integritet vere styrande for all vår verksemd. Vi er avhengige av at det ikkje oppstår uvisse rundt grunnlaget for våre valg av handsaming og anbefalingar til pasientane. Og til sist er det vårt ansvar kva handsaming vi administrerar til våre pasientar, uavhengig av anbefalingar og guidelines.

Kontinuerlig debatt

Innad i vår gruppe er det ulike holdningar til korleis og på kva tidspunkt ein velger å endre sin praksis når det kjem nye løysingar. Undersøkingar av korleis ny teknologi vert implementert viser at utviklinga ofte følger ein s-forma kurve, der det i starten er langsam rekruttering av nye brukarar. Utviklinga går ofte langsamt inntil ca 20 % av aktuelle brukarar har teke nyvinninga i bruk. Ein når då det brattaste punktet på kurven der fleire brukarar raskt kjem til. Kurven flatar så av igjen, og det tek lang tid før dei siste 20 % kjem etter. Dette speglar at vi legar er ulike også her. Og det er kanskje ein styrke. Det betyr at vi ved kontinuerlig debatt i våre fagmiljøer får lufta både entusiasme for innovasjon og skepsis til å endre etablert praksis. Slik kontinuerleg debatt blant fagfolk er sannsynlegvis den beste kvalitetssikringa våre pasientar kan få i ei verd der paradigmene lever på stadig kortare åremål.

Anbefalte artikler