Old Drupal 7 Site

Jon Hustad Om forfatteren
Artikkel

Saka som er omtala i boka Varsleren, handlar om at eit alvorleg lungesjukt barn vart sedert og utsett for ei invasiv forskingsundersøking for så å døy nokre timar seinare – ikkje om ein «heftig og forskningsmessig uenighet mellom to dyktige, sterke og stridbare personer».

Boka Varsleren er forfatta av underskrivne og tek for seg korleis professor Ola Didrik Saugstad vart handsama etter at han sa frå om dødsfallet til ein 22 månader gamal gut (1). Boka har ført til mykje debatt i Tidsskriftet (2 – 5), mellom anna har to leiarar skrivne av redaktør Charlotte Haug vore vigd boka (2, 3).

Haugs perspektiv er det postmoderne. I den fyrste leiaren reduserer ho saka til ein debatt mellom «dyktige, sterke og stridbare personer: Ola Didrik Saugstad og Dag Bratlid» (1). I den andre leiaren forfektar ho at det berre finst ulike «syn» og ikkje eit reelt og faktisk sakstilhøve (2). «Innen filmkunsten har man sågar et eget uttrykk for dette: et Ranschomon play – personene som har vært gjennom samme forløp både oppfatter og fremstiller dette ulikt,» skriv ho. På eit allment plan trur eg dei fleste lækjarar vil reservere seg kraftig mot ein slik epistemologisk posisjon. Det finst få, om nokon, yrkesgrupper som er underlagt så sterke krav til dokumentasjon som lækjarar og medisinske forskarar. Nett difor var både den eksterne sakkunnige og Fylkeslegen i Oslo i stand til å rekonstruere hendinga rundt dødsfallet til den 22 månader gamle guten. Båe instansar kom då også til at Rikshospitalet ikkje burde ha utsett guten for lungefunksjonsundersøkinga.

Eg er òg nokså sikker på at Charlotte Haug, dersom ho vert pressa litt på klinga, også kan gjere seg opp ei meining om kva som er rett og gale i denne saka. Haug syner mellom anna til ein debatt mellom Bratlid og Saugstad som gjekk føre seg i Tidsskriftet (2). Saugstad reagerte på at Bratlid og Teresa Farstad hadde henta data frå eit enno ikkje offentleggjort forskingsprosjekt som Saugstad hadde det norske ansvaret for. Kva meiner Haug om dette? Var det rett av Bratlid og Farstad å bruke desse dataene?

Så til påstanden om at dette var ein konflikt mellom to «dyktige» og «stridbare» forskarar. Eg veit ikkje kvar Haug hentar desse opplysningane frå. Her kan eg berre oppmode Haug til å samanlikne siteringsfrekvens og såkalla «impact factor» til dei to. Saugstad har rettleidd nær 25 personar fram til doktorgrad. Han har ikkje hamna i konflikt med nokon av desse. Konfliktnivået rundt Bratlid er derimot kjend frå rettssaker og frå tallause medieoppslag i VG, Adresseavisen og NRK. «Denne alternative historien dreier seg først og fremst om heftig og forskningsmessig uenighet mellom to dyktige, sterke og stridbare personer,» skriv altså Haug (2). Eg finn det djupt urovekkjande at ein lækjar og redaktør i eit medisinsk tidsskrift kan forfekte noko slikt. Saka handlar fyrst og fremst om at eit alvorleg lungesjukt barn som var under antibiotikabehandling grunna pågåande infeksjon, vart sedert, utsett for ei invasiv forskingsundersøking, for så å døy nokre timar seinare.

I Tidsskriftet nr. 12/2006 hevdar Bratlid og Farstad framleis at guten vart utsett for ei klinisk undersøking som ikkje var eit ledd i eit forskingsprosjekt (4). Påstanden står ikkje til truande. Eit rikshospital lét ikkje lækjarar drive på med alternativ behandling. Når vart det vedteke at barneavdelinga ved Rikshospitalet skulle tilby pasientar ei slik lungefunksjonsundersøking som ein del av behandlinga? Kven stod eventuelt ansvarleg for opplæring av lækjarane i dette? Kvar var forskingsresultata som viste at slike målingar var tenlege? Kvifor var det ikkje andre enn Bratlid og Farstad som gjennomførte desse målingane? Og kvifor tok desse målingane slutt då Bratlid og Farstad slutta ved barneavdelinga? Svara har Bratlid og Farstad sjølv gjeve i eit møte hjå Fylkeslegen 19. juli 1996. Til stades på møtet var òg representantar for leiinga ved Rikshospitalet. Alle bad dei Fylkeslegen om å late vere å granske dødsfallet til guten, sidan Bratlid og Farstads prosjekt var godkjent av forskingsetisk komité. Om Bratlid står det mellom anna fylgjande i referatet til Fylkeslegen: «DB nevner igjen at prosjektet var godkjent av Forskningsetisk komité». I innlegget i Tidsskriftet gjentek likevel han og Farstad fylgjande: «Overflyttingen (frå lokalsjukehus til Rikshospitalet ) hadde ingenting med forskningsprosjektet å gjøre…» (4). Dersom dette er rett, kvifor synte Bratlid, Farstad og Rikshospitalet til godkjenninga frå forskingsetisk komité då dei bad Fylkeslegen om ikkje å granske saka? Og kvar er det sakkunnig tek feil når han i rapporten sin utvetydig slår fast at guten vart utsett for forsking?

Innlegget frå Bratlid og Farstad har fleire feil. Dei seier at Saugstad ikkje gjekk tenesteveg. Dette er feil og vart fastslått av mellom anna dekanus. Saugstad leia ikkje noko forskingsprosjekt som involverte den såkalla pasient 2. Barnet vart hypotermt under Bratlid og Farstads undersøking. Det var dei som gav barnet surfaktant utan at barnet var stabilisert. Saugstad har aldri kravd at Farstad ikkje skulle kreerast. Saugstad gjekk ikkje til VG. Det var VG som kom til han. Bratlid og Farstad har ingen prov på at Saugstad var kjelda for VGs oppslag. Forskingsdepartementet har frikjent Saugstad for alle skuldingar om forskingsjuks.

Til slutt eit spørsmål: Bratlid og Farstad hevdar at barnet var «nærmest moribund», likevel skulle det undersøkjast for eventuell resuscitering og vidare behandling. Kva slags behandling var eventuelt dette, og på kva vis kunne lungefunksjonsundersøkinga vere til nytte her?

Anbefalte artikler