Old Drupal 7 Site

Vellukka haustmøte i Sogn og Fjordane legeforening

Øyvind Watne Om forfatteren
Artikkel

Dei siste åra har Sogn og Fjordane legeforening samla ein høvesvis stor del av medlemmene sine ei helg i slutten av september på Hotel Alexandra i Loen.

Torunn Janbu er her omkranset av glade mottakere av Selepinnen. Fra venstre Jon Kanter, Torunn Janbu, Johan Nyhammer og Jostein Tjugum. Foto privat

I mange år hadde vi inntrykk av at møtelyden vart eit år eldre for året. Det har endra seg mykje. Dei siste åra har det vore ein flott blanding av røynde, godt vaksne kolleger, og yngre leger både frå sjukehus og primærhelsetenesta.

I år hadde vi Ola Jøsendal som foredragshaldar. Han klarte å provosere fram ein spenstig diskusjon ved å snakke om overfinansiering av spesialisthelsetenesta, og å presentere sine synspunkt på leiing av einingar som driv med diagnostikk og behandling.

Festmiddagen er høgdepunktet under haustmøtet. Denne gongen var vi oppunder 80 til bords. Attåt god mat fekk vi nyte verbale og musikale kulturelle innslag av høg kvalitet. Under middagen har vi tradisjon for å dele ut Sogn og Fjordane sitt heidersteikn Selepinnen. Symbolet er ein miniatyr i sølv, utforma som ein selepinne for seletøy til hest. Vi bur i fjordhestfylket framfor noko. Fjordhesten er kjend for å vere ein uthaldande slitar, skal trivast best i motbakke, og har særleg godt lynne. Kriteriane for tildeling er delvis utforma etter slike trekk.

Det er såleis ikkje mange yngre kolleger som har fått Selepinnen så langt. I år hadde styret peikt ut tre: allmennlegane Jon Kanter og Johan Nyhammer, og overlege Jostein Tjugum. Alle har fleire tiårs teneste som legar i Sogn og Fjordane. I takketalane formidla dei takksemd for å få ha eit så engasjerande yrke, trivsel i yrket gjennom mange år, og sterk forplikting overfor pasientane. Utdelinga var ei retteleg høgtidsstund, som vi får tru inspirerte mange yngre kolleger til å bli lenge i Sogn og Fjordane i von om at også dei skal få Selepinnen ein gong.

I mange år har presidenten i Legeforeningen delteke på haustmøtet. Det var gildt å ha president Torunn Janbu med oss i år. Ho engasjerte forsamlinga med aktuelle problemstillingar frå arbeidet i Dnlf sentralt, og fekk i gang ein god dialog med forsamlinga.

Haustsamlinga vart avslutta med årsmøtet. Underteikna vart attvald som leiar. Valnemnda hadde kandidatar til alle postane, men det vart fleire benkeforslag, slik at det måtte skriftleg avstemming til val av styremedlemmer.

Det er hyggeleg at det er attraktivt å bli medlem av styret i Sogn og Fjordane legeforening.

Anbefalte artikler