Old Drupal 7 Site

Ta fødselssmerte på alvor

Eldrid Langesæter Om forfatteren
Artikkel

Hagtvedt & Eri hevdar i Tidsskriftet nr. 3/2008 at det har helsemessige gevinstar å føde med smerte (1). Rett nok står det i Bibelen: «Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande skal du føda.» Heldigvis har behandling av akutt smerte endra seg mykje sidan den tid.

Påstanden til forfattarane om at smertelindring (les: fødeepidural) fører til auka bruk av intervensjonar og operative inngrep er feil. Ein stor randomisert studie publisert i New England Journal of Medicine i 2005 viser at tidleg fødeepidural har ein gunstig effekt på fødselen og ikkje fører til fleire intervensjonar eller keisersnitt (2). Kvinner med forventa komplisert fødsel får oftare epidural enn andre, men fødeepiduralen er ikkje årsak til at fødselen endar med vakuum, tang eller keisersnitt.

«Normal fødselssmerte overskrider vanligvis ikke hva en kvinne kan tolerere» og «kunsten er å skille mellom den normale og den unormale fødselssmerten», skriv Hagtvedt & Eri (1). Alle som arbeider med fødande kvinner, veit kor ulike fødslar er. Den einaste som kan vurdere naudsynet av smertelindring er den fødande sjølv. Fødselssmerte er intens smerte. All anna akutt smerte av denne intensiteten, t.d. etter operasjonar, vert behandla.

Valet om å få smertelindring må ikkje gjerast vanskeleg for den fødande med feilaktig informasjon og ei ideologisk tilnærming om at smerte er bra. Tradisjonelt har det vore aksept for at kvinner skal føde med smerte, men i 2008 vert smertebehandling til fødande prioritert på lik linje med anna akutt smerte. Den helsemessige «gevinsten» av sterke ubehandla smerter under fødsel vil truleg vere at fleire ynskjer keisersnitt på grunn av tidlegare traumatisk fødselsoppleving.

Anbefalte artikler