Old Drupal 7 Site

Engasjement for det uvanlege

Leiv Otto Watne Om forfatteren
Artikkel

– Når eg vert intervjua vert fokuset ofte negativt, men i mitt fag er kontrovers naturleg. Eg håper du framstiller meg snillare enn dei fleste journalistar gjer, ber professoren med eit litt oppgjeve smil.

Foto Lise Åserud/SCANPIX

Per Holck er professor i anatomi, med hovudinteresse for feltet biologisk antropologi. Det må vere lov å innrømme at ein ikkje veit kva det eigenleg er. I Noreg er det få som driv med det. Faktisk berre ein. Han kan jo sjølv få forklare:

– Antropologi tyder læra om mennesket. Den antropologien eg driv med, baserer seg på skjelettet. Ved å undersøkje skjelettet kan ein finne ulikskapar mellom folkegrupper og få informasjon om korleis folk levde før i tida. Vi får vite kva sjukdomar dei hadde, ernæringsstatusen deira og korleis dei døydde. Med nyare teknikkar som DNA, C13 og C14 får vi til og med informasjon om folkemasseflyttingar, om slektskap og ikkje minst kor folkegrupper kom frå, forklarar Holck entusiastisk.

Framleis er det kanskje ikkje openbert kor kontroversen ligg gøymt. Eg kan røpe så mykje som at siste del av sitatet over gjev eit hint. Eit anna er at det i stillinga hans inngår å vere styrar for De schreinerske samlinger. Men eg er ein høfleg fyr og ventar litt med dei ubehagelege spørsmåla.

Biologisk antropologi

For det er nok av andre spørsmål. Det openbare er korleis ein endar opp med å drive med eit fag som ingen andre driv med. Korleis ser starten på ein slik karriereveg ut?

– Hehe. Eg har faktisk halde på med dette heilt sidan eg var student. Eg har alltid hatt ei interesse for historie og tenkte på å studere arkeologi, men innsåg at det var eit usikkert levebrød. Som ung medisinstudent var eg likevel med på arkeologiske utgravingar. Etter kvart kom eg i kontakt med anatomiprofessor Johan Torgersen. Han følgde meg opp, lét meg gå på kurs og kongressar og fekk meg i sving, fortel etterfølgjaren til Torgersen.

Holck reklamerer med at faget hans spenner over så store område som anatomi, rettsmedisin og historie. Han meiner at det er ein føresetnad å ha historieinteresse i botn, noko han sjølv har vist som forfattar av fleire bøker og artiklar (1 – 4). Men uansett talar CV-en hans sitt tydelege språk: Det første han gjorde etter turnustenesta var å starte privat allmennpraksis. Når alt kjem til alt, var kanskje pengar meir interessant enn skjelett?

– Då eg var ferdig med eksamen, var det inga ledig stilling ved anatomisk institutt. Det vil seie, eg kunne få ei stilling, men eg kunne ikkje få løn. Torgersen vart svært skuffa og overraska då eg takka nei, mimrar Holck med eit smil.

Som privatpraktiserande fekk han høve til å drive med antropologifaget ved sidan av. Han jobba framleis i allmennpraksis då han tok doktorgrad. Hadde han fått sjansen, hadde han nok valt forskinga direkte. At skjebnen førde han ut i allmennpraksis, er han likevel takksam for.

– Eg angrar ikkje ein augneblink på å ha drive vanleg praksis. Det har lært meg mykje om medisinen generelt, mykje som mange av mine forskarkollegaer har gått glipp av. Kall det gjerne gledene vanleg pasientkontakt kan gje. Og så har eg fått eit vidare syn på menneska enn det anatomien aleine kan gje, fortel han, og legg til at han framleis har ei lita stilling som bedriftslege, «for å ha kontakt med dei levande».

Kor kjem Odin frå?

Når ein har sin spesialkompetanse på identifikasjon av beinrestar, seier det seg sjølv at ikkje heile arbeidsdagen går med til kontakt med levande. Samstundes ligg det i korta kven som blir dei viktigaste oppdragsgjevarane.

– Noko av det eg likar best er samarbeidet med politiet og med arkeologane. Stikkordet for virket mitt er identifisering. Uansett kven som er oppdragsgjevar, er målet å identifisere personar og å finne ut mest mogleg ut frå skjelettrestar eller fotografi. Når eg lukkast, føler eg meg til stor nytte, fortel professoren, som også har vore hyra inn til å identifisere personar i massegraver i Kosovo (5).

Politiet sender han stadig oppgåver. Det kan vere restar etter ei branngrav, eller hjelp til å identifisere folk på fotografi, til dømes i saker om passforfalsking. Holck hjelper dei også med å avgjere om skjelettfunn er etter menneske eller dyr.

I det siste har han hjelpt arkeologane mykje med utgravingane etter Gokstad og Oseberg. Desse funna er ikkje ferdig undersøkte endå, men Holck har allereie skaffa seg store overskrifter. I avisene har vi kunne lese at Gokstad-høvdingen var ein kjempe som sannsynlegvis hadde hypofysetumor med akromegali. Og tabloidavisene kan glede seg til fleire lekkerbiskenar. For Holck har håp om at det snart er DNA både frå Gokstad og Oseberg, men allereie no kan han slå fast at kvinnene hadde forfedrar frå Midtøsten. Kanskje var det noko sant i det Snorre skreiv om at Ynglingeætten kom frå dette området?

For mykje framifrå forsking?

Norrøn mytologi og vikinggraver. Politietterforsking. Oppklaring av drap og mysterium. Trass mange pirrande stikkord er det altså berre ein medisinar i Noreg som driv med biologisk antropologi. Han er 66 år.

– Korleis ser du på framtida for faget ditt?

Det blir stille ei stund og professoren legg ansiktet i alvorlege former. – Eg er eigenleg ikkje veldig optimistisk. Eg har prøvd å få studentar interesserte, men det er ikkje lett. Dei unge lèt seg lettare begeistre av det molekylære. Bidraga til forskinga er også større når det gjeld molekylærbiologi. Det er lettare å få pengar til elektronmikroskop enn til ein sentrifuge til 1 000 kroner, seier han oppgjeven. Anar eg eit lite spark til Universitetet og deira satsing på «framifrå forsking» (excellence)?

Mitt oppfølgingsspørsmål syner at eg har rett. – Blir dei små faga skvisa?

– Ja. Det er veldig lita forståing på Universitetet for dei små faga. For ei tid attende kom det eit skriv som slo fast at mange av desse faga kom til å bli lagt ned. For Universitetet er det viktig å markere seg internasjonalt. Det er sjølvsagt viktig å ha ambisjonar, men vi må ikkje gløyme at forsking kan vere av interesse i Noreg sjølv om den er uinteressant internasjonalt. Om eg undersøkjer eit skjelett frå ein gravhaug i Buskerud, er det nok få amerikanarar som interesserer seg for det, men for norsk historie kan det ha betyding. Ved å leggje ned små fag tapar Universitetet ein del av det som skulle vere målet; å vere vidfemnande og avspegle forskarfridomen, fortel ein av dei som ivrig har argumentert for at universiteta burde setje av meir pengar og plass til mellom anna utstillingar.

Som student sette eg pris på at det opp gjennom tidene har eksistert dei som i budsjettforhandlingar har klart å få gjennomslag for slike argument. Til tross for satsinga på å vinne nobelpris har det medisinske fakultetet teke seg råd til å lage fleire spanande utstillingar. Etter ei lang økt på lesesalen var det perfekt avkopling å stoppe opp ved til dømes utstillinga Ben med huggskader. Eksamensangsten vart effektivt redusert ved å studere kvesta bein og lese forklarande tekstar som «Scapula: her har sverdet truffet med slik kraft at det er stukket tvers gjennom scapula. Den oppflisete snittflaten viser stikkretninga».

Apropos eksamen. Det er på tide med ein konfrontasjon.

– Hehe. Så eg gav deg lungevev frå embryo på histologieksamen. Ja, det var nok litt i overkant spesielt, ja. Hehe.

Styrar – og provokatør?

Det er aldri kjekt å øydeleggje ei triveleg stemning. Men det er ikkje til å kome vekk ifrå at saker som Holck engasjerer seg i, ofte får høg temperatur. Dei som er i tvil, kan gjere eit Google-søk med «Holck» pluss stikkorda «Torgersen-saken», «whiplash» eller «samer».

Han har eit poeng i at sjølve faget hans er kontroversielt. Det å leite etter identiteten til folkegrupper gjennom å undersøkje skjelett og skallar får fort fram tanken på nazisme og deira raseteoriar. I alle fall tyr meiningsmotstandarane til Holck framleis til argument som femner om slike stikkord.

– Det eg driv med er så openbert og lett forståeleg at det fort kan skape strid når folk utanfrå byrjar å blande seg inn. Det er mykje lettare å dekkje seg bak eit elektronmikroskop og gjere undersøkingar som ingen forstår noko av. Då kan ein meine ganske mykje utan å møte på motstand, seier han.

Ingen skal skulde Holck for å halde sine meiningar for seg sjølv. Noko av det som har skaffa han mest bråk er knytt til hans virke som styrar for De schreinerske samlinger. Det er ei skjelettsamling frå midten av 1800-talet.

– På den tida var det vanleg at fleire land ønskte seg ei nasjonal skjelettsamling. Ein ville gjerne finne ut kva som var typisk for kvar landsdel. Professor Kristian Emil Schreiner tok initiativ for å utvide denne samlinga. Ein tok vare på skjelett frå gravplassar som uansett måtte gravast opp i samband med byggjeverksemd, til dømes jernbane. Skjeletta vart grave opp av arkeologar og etter kvart samla her på Anatomisk institutt.

Gjennom undersøkingar av denne skjelettsamlinga har ein funne ut mykje om korleis folk levde i Noreg for hundrevis av år sidan, kva dei levde av og kva dei døydde av. Den mest interessante delen av samlinga ligg likevel urøyrt. Schreiner hadde nemleg ein samisk del. Målet hans var å finne ut kor samane kom frå. Det klarte han ikkje, men med moderne teknikkar hadde sjansane til å finne svaret vore mykje større. Holck får ikkje lov til å prøve.

Sametinget bestemmer

– Bråket starta då etterkomarar av Mons Somby kravde å få attende hovudskallen hans for å kunne gravleggje den. Oftast veit vi ingenting om kven skallane er leivningar etter, men akkurat den skallen var identifisert, for Somby vart halshogd etter Kautokeino-opprøret.

Som styrar av samlinga såg Holck det som si plikt å halde ho komplett, men etter mykje om og men måtte han gje tapt og gje frå seg skallen. I etterkant er det Sametinget som har overteke råderetten over resten av samlinga.

– Vi veit ikkje kven dei samiske skallane er leivningar etter. Dei kjem frå graver som er fleire hundre år gamle. Men Universitetet har gjeve Sametinget råderetten over samlinga. Det er dermed Sametinget som avgjer kven som skal få forske og kva det skal forskast på – unekteleg ein eigenarta og interessant konstellasjon, forskingspolitisk sett.

– Er det så farleg å levere frå seg desse skallane?

– Ein må spørje seg kva ein oppnår med dette. Samlinga er heilt unik, og om ho blir gravlagt på nytt, blir skjelettmaterialet øydelagt. Om vi hadde fått lov til å forske på materialet, kunne vi kanskje sagt noko om kor samane kom frå. Eg ville jo tru at dette var i samane si eiga interesse.

Holck håper på eit framtidig sameting med eit anna syn på forsking og med større forståing av verdien til dette materialet.

– Det beste hadde sjølvsagt vore om eg kunne få tilsett ein same til å ta vare på samlinga. I tilsvarande konfliktar i USA har ein oppnådd forsoning etter at indianarar vart tilsette som antropologar. Vi har hatt samiske studentar og eg har prøvd å lokke, men har ikkje lukkast.

Så mange år med lokking og så lite respons. Eg håper han ikkje gjev opp, for etter to timar på kontoret til Holck vert oppsummeringa følgjande: eit spanande fag, ei spanande samling og ikkje minst ein spanande styrar.

Per Holck

Født i Oslo 4. januar 1942

  • Cand.med. Heidelberg, Tyskland 1968

  • Privatpraktiserende allmennlege i Asker 1971 – 88

  • Doktorgrad ved Anatomisk institutt, Universitetet i Oslo 1987

  • Professor i anatomi frå 1993

  • Styrar av De schreinerske samlinger

Anbefalte artikler