Old Drupal 7 Site

S. Rørtveit og medarbeidere svarer:

Sverre Rørtveit, Erlend Tolaas, Knut Eirik Eliassen, Morten Lindbæk Om forfatterne
Artikkel

Når det gjeld bruk av lokalt fusidin, er retningslinjene for antibiotikabruk i allmennpraksis (1) identiske med tilrådingane frå Legemiddelverket si ekspertgruppe for impetigo (2). Lise Kragøe Andresen har i to innlegg i Utposten reist liknande innvendingar mot Legemiddelverket si tilråding om fusidin (3, 4), og Sverre Rørtveit har svart på vegne av gruppa (5, 6).

Som Andresen påpeiker, har impetigo i Norge og andre nordeuropeiske land etter år 2000 for det meste vore forårsaka av ein klon av Staphylococcus aureus som er fusidinresistent. Det at klonen er fusidinresistent, er sjølvsagt ein grunn i seg sjølv til ikkje å bruke middelet. Men hovudgrunnen er at bruk av fusidin er hovudårsaka for framveksten av resistens mot det same antibiotikumet. I artiklane i Utposten vert dokumentasjonen for denne samanhengen referert.

Mot dette hevdar Andresen at ein antibiotikaresistent klon kan oppstå ved spontan mutasjon, og at bruk av lokalt fusidin derfor ikkje har spela nokon rolle i framveksten, og deretter ekspansjonen, av denne impetigoklonen.

Andresen meiner Howden & Grayson’s artikkel (7) gjev belegg for dette synet. Det er uforståeleg for oss at Andresen kan referere den omtalte artikkelen slik. Ved grundig gjennomlesing har den overhovud inga tilvising til fusidinbruk-uavhengige klonale fusidinresistente utbrot i USA eller andre land. Tvert om gjev artikkelen fleire argument for at bruk av fusidin forsterkar ekspansjonen av den fusidinresistente klonen, når den først er etablert.

Rapportane frå NORM-overvakinga av antibiotikaresistens i Noreg viser fallande del av S aureus som er resistente mot fusidinsyre etter år 2004. Men den omtalte impetigoklonen er årsak eksklusivt for impetigo. Medan NORM-frekvensen av fusidinresistente S aureus i sårinfeksjonar for perioden 2002 – 05 i gjennomsnitt var ca. 23 % (8), så var fusidinresistensfrekvensen for impetigo i ein norsk kommunepopulasjon i det same tidsrommet 76 % (9). Den bakteriologiske situasjonen for impetigo må vurderast uavhengig av andre stafylokokkinfeksjonar.

To korte randmerknader: Andresen refererer behandlingstal frå ein studie frå 2002 (10). I artiklane i Utposten vert det gjort greie for kvifor desse tala ikkje kan brukast slik Andresen gjer. Den engelske ekspertgruppa som ho viser til, har først og fremst vurdert introduksjonen av eit nytt lokalt antibiotikum (retapamulin), og går grundig gjennom dokumentasjonen for dette middelet. Fusidin vert ikkje underlagt nokon gjennomgang i denne artikkelen.

Anbefalte artikler